Forside / Om oss / Våre distriktsledd / Midt-Norge / NK Sunnmøre / Marskonferanse

Marskonferanse

Marskonferanse

Marskonferansen 2024 - 1.-3.mars

Norges Korforbund Sunnmøre
har i år lagt den tradisjonelle samlinga første helga i mars til
Thon Hotel Fosnavåg i Herøy.

Programmet er no heilt på plass med spennande foredrag og seminar
Det vert som tidlegare år samling av tillitsvalte, kurs i koradministrasjon og foredrag fredag og laurdag samt årsmøte på søndagen.

Av programmet kan vi no nemne at vi fredag får besøk av Livsgnistraren Tom Åge Myhren med sitt foredrag om "korleis fyre opp under korgnisten?" Her får vi råd og tips om både kordrift og rekruttering på ein tankevekkande, morosam og litt uvaneleg måte å formidle humor og alvor på.

Etter ønske frå medlemskora om kurs i koradministrasjon og hjelp til kordrift har vi sett av heile laurdagen og invitert Organisasjonsutviklar Birgitte Brekke som brenn for frivillige organisasjonar. Ho har lang erfaring i ledelse- og styreopplæring og har god kjennskap til regelverk og m.m. leda det politiske arbeidet som førte til at frivillige lag og foreiningar no får momskompensasjon.

PÅMELDING Marskonferanse,frist onsdag 31.januar
og det må sendast eit skjema for kvar deltakar.

Sett av tid å bli med på ei lærerik og inspirerande helg med godt fagstoff, nyttig informasjon,kjekke gruppearbeid, song og underhaldning.
Kjekt å utveksle erfaring og hygge seg i lag med andre i samme båt, så vel møtt til Marskonferansen 2024

MÅLGUPPE for Marskonferansen:
Tillitsvalte, dirigentar, og alle som er interessert i rekruttering og korutvikling. Vi håper å sjå rett så mange av dykk i det som skulle være et aktuelt tema for mange kor, små eller store, nystarta eller veletablerte.

Dirigentkurs 1
vert køyrt parallelt med samling fredag-søndag og hotell kan tingast ilag med deltakarar til Marskonferansen.


PÅMELDING ÅRSMØTET søndag 3.mars


Fosnavåg

Fosnavåg

Tom Åge Myhren

Tom Åge Myhren

Birgitte Brekke

Birgitte Brekke