Brødsmulesti
- Kurs og arrangementer
- Arrangementer og kurs i regi av Norges Korforbund
Songarstemne på Hareid 2027
Påmelding
Prisar og påmelding
Stemnekontingenten for 2027 er sett 250,- per deltakar. I tillegg kjem kostnaden med losji og bevertning frå fredag til sundag. Prisar og ulike alternativ vert sendt ut i januar 2027 til dei påmelde kora.
Påmelding og bestilling av overnatting til songarstemna på Sunnmøre går til NKSunnmøre v/ distriktskonsulent Berit Solhjem.
For meir info: mailto:berit.solhjem@korforbundet.no
Fristen for bindande påmelding er 31.12.2026
Kontakt
Kontaktpersonar i Brandalskoret
Styreleiar Ola Mogstad
e-post: brandalskoret@gmail.no
telefon: 457 34 450
Kasserar Anne Kathrine Løberg:
e-post annek.loberg@online.not
telefon 900 34 380
Sett av helga i lag med oss og meld dokke på.
Vi har avgrensa med plassar so ver tidleg ute.
Vi gler oss til å vere i lag med dykk!
Helsing frå oss i Brandalskoret
906 05 120

Detaljer
Fredag 4 .–søndag 6. juni 2027
09:00–17:00
Hareid
Vi i Brandalskoret har gleda av og invitere dykk til Hareid for
SONGARSTEMNE 4.- 6. juni 2027
No er vi klare for å arrangere eit tradisjonelt songarstemne igjen – det er 9 år sidan sist. Vi inviterer til songartog, konsertar og fest både i Brandal og på Hareid.
Fredagskvelden får de oppleve ishavsbygda Brandal, her møtast vi på Ishavsmuseet til fest og song på ishavsskuta Aarvak. For ordens skuld, så ligg skuta på land.
Laurdag går det slag i slag i Hareid sentrum. Her er det korte avstandar så du kan parkere bilen å gå. På den ombygd sjøbua – Tampenbuda, vert det servert lunsj både laurdag og sundag. Kyrkjekonserten skal vere i Hareid kyrkje. Ho er ei verneverdig trekyrkje frå1877 med om lag 350 sitteplassar. På kvelden byr vi inn til songarfest i Hareidhallen som er «storstua» i kommunen.
Sundagen held vi fram i Hareidhallen med profankonsert.
Program
Fredag 4/6 Kl. 17 – 18 Stemnekontoret opnar på Kyrkjelydshuset
Kl. 19.00«Bli kjent kveld» på Ishavsmuseet i Brandal
Laurdag 5/6 Kl. 9 – 10Stemnekontoret opnar på Kyrkjelydshuset
Kl. 10.00 Opning av stemnet og songartog
Kl. 11.00 Konsert i Hareid kyrkje
Kl. 13.00 Kokk`n Roll serverer lunsj på Tampenbuda
Kl. 14.00 Singers corner på Hareid og i Brandal
Kl. 19.00 Songarfest i Hareidhallen
Sundag 6/6 Kl. 8.00 Morgonbad ved badehuset i Hareid hamn
Kl. 11.30 Kokk`n Roll serverer lunsj på Tampenbuda
Kl. 11.30 Kaffe og kakesal i Aulaen på Hareid ungdomsskule
Kl. 13.00 Profankonsert i Hareidhallen
Overnatting (kryss av i påmeldingsskjema)
Ulstein hotell, Ulsteinvik. 11 km frå Hareid sentrum
Sunnmøre Folkehøgskule, Varleite. 8 km frå Hareid sentrum mot Ulsteinvik.
Bubil- og campingvognparkering, i Hareid sentrum
Flere arrangementer og kurs

Lørdag 24 .–søndag 25. oktober 2026
Hotell Norge Høsbjør, Høsbjørvegen 495, 2388 Brumunddal
Inspirasjonshelg for dirigenter, tillitsvalgte og korsangere på Hotell Norge Høsbjør

Lørdag 31. oktober 2026
Kimen Kulturhus, Stjørdal
KORiNT-cup 2026
Lørdag 7 .–søndag 8. november 2026
Laurdag Naustdal Kyrkje Søndag Vereide Kyrkje
Berlinermesse av Arvo Pärt

Fredag 13 .–lørdag 14. november 2026
Sobra Scene, Korsegata 6, Ålesund
SYNG-kurs i Ålesund

Søndag 29. november 2026
Vår Frelsers kirke, Haugesund
Norges Korforbund Haugaland sin julekonsert i Vår Frelsers Kirke 29.11

Søndag 17. januar 2027
Bergen og omegn