Brødsmulesti
- Kurs og arrangementer
- Arrangementer og kurs i regi av Norges Korforbund
Temakurs for dirigentar
Påmelding

Detaljer
Lørdag 7 .–søndag 8. februar 2026
10:00–15:00
Ålesund
Med støtte frå Koralliansen kan vi no invitere til
Temakurs for dirigentar i Ålesund laurdag 7. og søndag 8.februar, lærerikt,inspirerende og skikkeleg kjekt!
Korsong er felles formidling – men kva er det koret på scena eigentleg ønskjer å fortelje publikum?
I dette kurset set vi søkjelys på det sceniske uttrykket i kor: kroppsspråk, blikk, plasseringar og overgangar – og korleis desse elementa kan gi publikum ei meir heilskapleg og sterkare oppleving.
Kurset blir leia av Therese Kinzler Eriksen, ein instruktør full av energi,kompetanse og formidlingsglede!
Therese er dirigent og kunstnarisk leiar i Oslo fagottkor på fulltid. Sidan koret vart etablert for over tjue år sidan, har ho opparbeidd seg solid og unik kompetanse innan store, sceniske korproduksjonar. Ho arbeider tett i team med regissør, koreograf og tekstforfattar, og deltek i heile prosessen frå idéutvikling til ferdig framføring.
Therese er utdanna klassisk pianist og har i tillegg toårig tilleggsutdanning i drama og teater – ein fagkombinasjon som pregar hennar arbeid med kor i stor grad. Ho held jamleg kurs i scenisk arbeid for kor, med særleg vekt på korsongarane sin kroppsmedvit, tryggleik og uttrykk på scena.
I løpet av kurset arbeider vi konkret og praktisk med ein song eller to, der uttrykk, formidling og eventuelt enkle rørsler/koreografi står i fokus. Det blir også jobba med nyttige øvingar knytt til scenisk uttrykk i kor, i eit trygt og inkluderande læringsmiljø. Therese brenn for å gjere korsong levande!
Grip sjangsen- dette blir ein fantatisk opplevelse!
Kurset passer både for deg som er ny og dei med meir erfaring, eit ypperleg høve til å bli inspirert,få nye bekjente og skape nettverk!
To dager fyllt av kunnskap,energi og inspirasjon frå ein av Norges mest spennande kordirigentar!
Flere arrangementer og kurs
Lørdag 7 .–søndag 8. november 2026
Laurdag Naustdal Kyrkje Søndag Vereide Kyrkje
Berlinermesse av Arvo Pärt

Fredag 13 .–lørdag 14. november 2026
Sobra Scene, Korsegata 6, Ålesund
SYNG-kurs i Ålesund

Lørdag 28. november 2026
Majorstuen kirke
Felleskonsert: Tenn lys!

Søndag 29. november 2026
Vår Frelsers kirke, Haugesund
Norges Korforbund Haugaland sin julekonsert i Vår Frelsers Kirke 29.11

Søndag 17. januar 2027
Bergen og omegn
Nyttårskonsertene

Lørdag 30 .–søndag 31. januar 2027
Norges Korforbund Sogn og Fjordane