Brødsmulesti
" Jakob Sande frå Sunnfjord til Rio og attende"
Detaljer
Søndag 8. november 2026
18:00
Fosnavåg Konserthus
Gerhard Voldnes veg 7
6090 Fosnavåg
Arrangeres av
Del konserten
Trykk på knappen under for å kopiere lenke til denne konserten som du kan dele med andre.

Ørsta Mannskor presenterer Jakob Sande i ord, tonar og bilete!
Bondeguten Jakob Sande var frå Dale i Sunnfjord, fødd i 1906, og utmerka seg tidleg som eit «flogvit» med mange talent. Bakgrunnen hans i eit miljø med store sosiale skilnader og kontrastar, vart ein innhaldsrik basis for hans dikting og litterære liv. Dei radikale miljøa i lokalsamfunnet, oppveksten i ein kulturglad open heim, forteljartradisjonane, som både var i familien og hos fastboande taterar, laga eit rikt tilfang av idéar til den observerande Jakob’en. Naturen og naturbileta i skildringane hans vert ofte brukt som metafor for kva som skjer gjennom mennesket si livsreise.
Diktinga spinn rundt flere tema, som vestlandsnaturen, sjømannslivet og livet på bygda. Likeeins dikt som tek opp sosiale spørsmål og klassiske tema, som kjærleiken og døden. Dikta veksler frå grotesk humor, som i «Kallen og katten» og «Likfunn», til sentimentale og kjensleladde dikt som «Fløytelåt» og «Vesle Daniel». Døme på dette kan du oppleve i forestillinga vår.
Korsong med tonesette dikt av Jakob Sande
Deklamasjon: Harald Aambø, akkompagnert av Arne Otto Myklebust på trekkspel.
Solist innslag: Øyvind Granden Berg, Arne Jan Vollsund, Kyrre Grimstad og Børre Lødemel.
Musikalsk leiing og direksjon: Øyvind Granden Berg
Alt dette under lun og humoristisk leiing av Kyrre Grimstad.
Ver hjartans velkomen!
Nyt ord, tonar og bilete.
Flere kommende konserter

Søndag 11. oktober 2026
Fredheim, i Ulsteinvik
"Nu rinner solen opp"
Ørstakoret
Søndag 11. oktober 2026
Soknedal kirke
Høstklang
Hauka Dekorum

Torsdag 15. oktober 2026
Lademoen kirke
Måltid og musikk
Ad Libitum - koret

Fredag 16. oktober 2026
Torhov kirke
Kammerkoret KORiOSLO får besøk fra Finland
Kammerkoret KORiOSLO

Lørdag 17. oktober 2026
Kvam grendehus
KorSomE på Rocker’n familiekonsert
Korsome

Lørdag 17. oktober 2026
Storstova
Hjerter i brann
Blandakoret Frøysang




