Brødsmulesti
- Kurs og arrangementer
- Arrangementer og kurs i regi av Norges Korforbund
Dirigentkurs med Elin Persson
Påmelding
🗓 Påmeldingsfrist: 24.oktober
Kontakt
Distriktkonsulent Berit Solhjem
berit.solhjem@korforbundet.no

Detaljer
Lørdag 1. november 2025
10:00–16:00
Kulturhuset Godtemplaren, Keisar Wilhelmsgate 7, 6001 Ålesund
Velkomen til kurs med Elin Persson!
Er du ein dirigent som held hjula i gang for eitt eller fleire kor – med ulike stilar, sjangrar og ambisjonar? Har du lang fartstid som dirigent, og lurer på korleis du kan finne og halde på inspirasjonen etter mange år?
«Dirigenten i distriktet – eldsjel eller utbrend?» er eit samlingspunkt for dirigentar som er krumtappen i sitt lokalmiljø – dei som brenn for musikken, men som kanskje òg kjenner at det kostar. Kurset er åpent for alle.
🎟 250 kr i eigenandel (inkl. kaffi/te, frukt og lunsj)
Kurset tek utgangspunkt i dine behov og spørsmål, og blir leia av Elin Persson, som har lang erfaring med både kor, leiing og utviklingsarbeid.
🔹 Korleis finn vi inspirasjon – og korleis held vi på den?
🔹 Kva finst der ute – og korleis vel vi det som verkeleg gir energi?
🔹 Korleis kan vi stå i rolla som dirigent – utan å brenne ut?
Under kurset utforskar vi verktøy, idear og metodar som gir deg påfyll – og byggjer eit nettverk med andre dirigentar i same situasjon, for mogleg støtte og samarbeid.
Kurset gir deg:
▪️ Praktiske verktøy og nye perspektiv
▪️ Tid og rom til refleksjon og utvikling
▪️ Moglegheit til å bli del av eit nettverk
Velkomen til ein meiningsfull og motiverande kursdag i Ålesund!
Kurset er støtta av Koralliansen og arrangert av Norges Korforbund Sunnmøre.
Om kurshaldar
Elin Persson er utdanna i piano, song og dirigering ved Barratt Due musikkinstitutt, Østlandet Musikkonservatorium og Norges musikkhøgskole, med vidareutdanning frå Sverige og Austerrike. Ho har dirigert både barne-, ungdoms- og vaksenkor innan eit breitt spekter av musikalske sjangrar, og har delteke på korturnear i fleire europeiske land.
Sidan 2001 har ho vore tilsett som kormester ved Operaen i Kristiansund, der ho har hatt det musikalske ansvaret for innstudering av ei rekkje musikkteaterproduksjonar. Frå 2017 har ho òg vore engasjert som kormester ved Opera di Setra.
Elin arbeider i tillegg som frilans dirigent og pianist, og er ein ettertrakta kurshaldar og instruktør på workshops, seminar og dirigentkurs i heile Norden. Ho var FONOKO sin styreleiar frå 2018 til 2024, og har gjennom dette vervet bidrege aktivt til utviklinga av det norske kordirigentmiljøet.
Flere arrangementer og kurs
Lørdag 7 .–søndag 8. november 2026
Laurdag Naustdal Kyrkje Søndag Vereide Kyrkje
Berlinermesse av Arvo Pärt

Fredag 13 .–lørdag 14. november 2026
Sobra Scene, Korsegata 6, Ålesund
SYNG-kurs i Ålesund

Lørdag 28. november 2026
Majorstuen kirke
Felleskonsert: Tenn lys!

Søndag 29. november 2026
Vår Frelsers kirke, Haugesund
Norges Korforbund Haugaland sin julekonsert i Vår Frelsers Kirke 29.11

Søndag 17. januar 2027
Bergen og omegn
Nyttårskonsertene

Lørdag 30 .–søndag 31. januar 2027
Norges Korforbund Sogn og Fjordane