Hopp til hovedinnhold

KVAMMAKORET treng ny dirigent!

Nøkkelinfo

Kontaktperson: anne@tikkann.no

Utløpsdato: 1. september 2026

Kvammakoret er eit 4. stemt blandakor. Dei 52 medlemene er i alder 16 – 80 år, dei fleste har vore med lenge.

Vår dirigent sluttar ved årskifte, me søkjer ny dirigent fra 1. januar 2027.

Kvammakoret her eit allsidig repertoar. Vi har fast julekonsert 23. desember, ein hovudkonsert på våren, og ein sommarkonsert før vi sluttar av koråret. Byte av dirigent er ei utfordring, men istadenfor å bremse satsar vi saman med Øystese musikklag på eit stort fellesprosjekt med Herborg Kråkevik i april 2027. Dette er for å utvikle og rekruttere til både kor og musikklag, og sjølvsagt skape gode opplevingar lokalt.

Vi håper du som ny dirigent vil vere med oss i denne satsinga. Vor noverande dirigent vil starte å øve inn repertoaret hausten 26, og vi håper ein ny dirigent vil sjå på det som ein spanande måte å møte og bli kjent med eit nytt kor på. Koret har musikkutval og noteansvarleg.

Me har eit triveleg og inkluderande miljø av glade amatørar, som møtest kvar torsdag til 2 timars øving i Øystese. I tillegg gjerne eit seminar tidleg på året.

Me ønskjer:

Ein dirigent med relevant utdanning/erfaring som kan vera musikalsk leiar, og som har evne til å inspirera oss til vidare korsong og utvikling.

Me tilbyr:

Løn og arbeidsvilkår etter nærare avtale.

Send søknad til eller ta kontakt med:

Anne Skeie

anne@tikkann.no

Tlf. +47 40287007

Søknadsfrist: 1. september 2026

Søker ditt kor en dirigent?

Send inn en annonse

For medlemskor er det gratis å søke etter dirigent.

Nyhetsbrev

Få de siste nyhetene fra Kor-Norge rett i innboksen din.