Brødsmulesti
- Kor søker dirigent
- Hordaland
Dale Mannskor søkjer dirigent

DALE MANNSKOR treng ny dirigent!
Ønskjer du å vidareutvikla mannskortradisjonen vil me gjerne ha kontakt med deg!
Vår dirigent gjennom 56 år pensjonerer seg ved årsskiftet, og me søkjer hans etterfølgjar frå 1.januar 2027.
Dale Mannskor vart stifta 3.juni 1931 og feirar i 2026 95-års jubileum. Dei 28 medlemene kjem frå Vaksdal og Voss kommunar.
Dale Mannskor nyttar ofte karakteristikken «frå børs til katedral» om det allsidige repertoaret som inneheld profan-musikk og kyrkje-musikk frå ulike tidsepokar og varierande stilartar. Nettopp mangfaldet i musikkutvalet gjer at koret kan ta del med song i svært ulike arrangement, og slik har det også vore gjennom den siste mannsalderen både lokalt i eige distikt, regionalt, på landsplan og i utlandet.
Koret har eit rikhaldig«fest-repertoar» av lettare songar, bordviser og drikkeviser, som gjer at det kan skapa stemning og underhaldning når songarar møtest.
Koret reiser mykje,og har halde konsertar i ei rekkje av dei store katedralane i Europa,
mellom anna Kølnerdomen, Sacre Ceur i Paris og Peterskyrkja i Roma.
Aktiviteten er til vanleg ein større konsert pr.halvår, med fleire mindre oppdrag/engasjement imellom, og deltaking på songarstemne/kortreff.
Me har eit triveleg og inkluderande miljø av glade amatørar, som møtest kvar onsdag til 2 timars øving i Dale kyrkje. I tillegg gjerne eitt seminar pr.semester.
Me ønskjer:
Ein dirigent med relevant utdanning/erfaring som kan vera musikalsk leiar, og som har evne til å inspirera oss til vidare korsong og utvikling.
Me tilbyr:
Løn og arbeidsvilkår etter nærare avtale.
Send søknad til eller ta kontakt med:
Ole Johnny Domben
ojdomben@outlook.com
Tlf +47 90636556
Søknadsfrist: 1.august 2026.
Flere annonser
Søker ditt kor en dirigent?
Send inn en annonse
For medlemskor er det gratis å søke etter dirigent.

