Brødsmulesti
Syvdeklang
Om koret
Syvdeklang vart skipa i 2009 og er eit blandakor som held til i Syvde som namnet tilseier. Dei fleste songarane bur i Syvde, men vi har også songarar frå Rovdestranda, Åram, Eidså og Fiskå. Vi er eit typisk bygdekor som stiller opp på ulike arrangement i bygdene våre. Vi syng like gjerne i kyrkja som på Samfunnshuset. Repertoiret er av same grunn svært variert. Vi øver kvar torsdagskveld i kjellaren på barneskulen i Syvde. Vi startar ofte haustsemesteret med ei øvingshelg, der vi øver inn nytt stoff, og ikkje minst har fokus på det sosiale. Vi har årleg faste oppdrag 17.mai og på førjulskonsertane i Vanylven. Nokre høgdepunkt for koret er kabarèten vi laga til Kosterikjedagane i 2013, som vart ein så stor suksess at vi gjentok den også i 2014. Vi feira 10-årsjubilèumet vårt med stor konsert på Samfunnshuset i Syvde. Vi har også laga eigen kyrkjekonsert, i samarbeid med lokale solistar og musikarar. Samarbeider også med andre kor. Dirigenten vår, Gunn-Toril Stubbmo har vore musikalsk leiar heile tida. Ho har vore med som songar i Skruk i over 40 år, og har god erfaring. Likar du å synge, ja så kom gjerne og bli med oss. Leiar i 2026 er Steinar Arne Nordal tlf. 413 23069
Nøkkelinfo
Type kor: Blandakor
Sjanger: Blandede sjangre
Øvingstid: Torsdag 19:30–21:30
Adresse: Myklebust skule, musikkrommet, Kvia 22, 6140, Syvde
Distriktsledd: Sunnmøre
Andre kor i distriktet
Volda Blandakor
FASTE AKTIVITETAR Volda Blandakor har eit breitt repertoar, som vi årleg presenterer på korkaféar/ko…
Volda
Blandakor
Blandede sjangre
Ørsta Mannskor
"Ørsta Mannskor" er heile Ørsta sitt mannskor. Koret vart etablert i 1994 under navnet "Ørsta Lions…
Ørsta
Mannskor
Blandede sjangre
Mannskoret Harmonien
Mannskoret Harmonien ble stiftet i 1932. Opprinnelig var koret forbeholdt menn født innenfor Ålesund…
Ålesund
Mannskor
Klassisk
Har du lyst til å bli med i et kor?
Å bli med i kor er enklere enn du tror. Her er din guide til hvordan du kommer i gang!
Ønsker du å vise frem koret ditt her?
Som medlem i Norges Korforbund får koret ditt en rekke fordeler, blant annet økt synlighet ved å presenteres på våre sider.