Brødsmulesti
Songkoret Albatross
Om koret
Songkoret Albatross er eit blandakor som held til på Fammestad i Alver kommune. Koret starta i 1988 og øver i Nyheim Ungdomshus på Fammestad, tysdagar klokka 19.15. Koret har, pr. april 2023, 19 aktive medlemmar frå distriktet og omegn. Me er ein god gjeng som har det trivelig i lag, både på øving og i sosiale samanhengar. Vi har i år fått ny dirigent Sivert Aase Fluge
Noko av det koret har vore med på dei siste åra:
I 2008 hadde koret 20 års jubileum og hadde då ein flott tur til Kroatia!
I 2010 var koret for første gang med i "Syng for oss" Landsdekkande korkonkuranse i Bergen. Der fekk vi 2.plass! Utruleg morro og uventa!
I 2011 arrangerete koret, saman med folkedansgruppa Strilaringen, folkefestival i Nordhordland. Det var både utfordrande og spennande.
I 2012 var koret og Strilaringen i Irland på gjenbesøk til fleire av dei som deltok på folkefestivalen i 2011.
I 2013 kom Irlandsgjengen tilbake til Norge og var med å feira koret sitt 25 årsjubileum.
I 2014 hadde koret eit samarbeid med komponist og musikarar Dagfinn Andersen (tangentar), Liv Merethe Kroken (fele) og Tore Vabø (kontrabass) og hadde ein flott konsert med folkemusikk - Kvileskjær.
I 2015 tok me turen til Hornindal for å framføre Kvileskjær der.
I 2016 var Albatross med å kora på Rune Larsen sin song “Tunge tider” frå albummet “Blå glede”.
I 2017 Starta koret å jobba med musikken som skulle prege 30-årsjubileumet i 2018.
I 2018 var koret 30 år. Samstundes hadde den lokale kinoen jubileum. Me valgte då å satse på filmmusikk, “Frå Broadway til folk ved fjorden”. Med oss på laget fekk me Hjelmås mannskor, Dagfinn Andersen, Tore Vabø og Fred Johannesen. Saman framførte kora og musikarane 3 fulle konsertar med filmmusikk i korformat. Konserten var sett saman som ein kombinasjon av korsong, solosong og instrumental med filmsnuttar på lerret bak. Filmsekvensen var sett saman av Elias Fanebust.
I 2019 reiser koret utanlands att. Denne gongen går turen til Krakow.
Koret ynskjer fleire medlemmer, menn er spesielt velkomne! Så har du eit ynskje om å byrja i kor? Du er velkomen til å ta kontakt eller stikke innom på ei øving når det måtte passe :)
Me har bruk for akkurat deg og di stemme!!
Nøkkelinfo
Type kor: Blandakor
Sjanger: Blandede sjangre
Øvingstid: Tirsdag 19:15–21:45
Adresse: Nyheim Ungdomshus, Mykingvegen 550, 5913, Eikangervåg
Distriktsledd: Hordaland
Andre kor i distriktet
Har du lyst til å bli med i et kor?
Å bli med i kor er enklere enn du tror. Her er din guide til hvordan du kommer i gang!
Ønsker du å vise frem koret ditt her?
Som medlem i Norges Korforbund får koret ditt en rekke fordeler, blant annet økt synlighet ved å presenteres på våre sider.