Brødsmulesti
Sogndal Songlag
Om koret
Sogndal songlag vart stifta i 1879, og er dermed eit av dei eldste kora i landet. Men dette gjer oss på ingen måte gamle og kjedelege. Koret har idag rundt 30 medlemmer fordelt på fire stemmegrupper. Bjørn Gisle Seter er dirigenten vår. Han er utdanna musikkpedagog og er sjølv utøvande songar. Repertoaret til koret spenner vidt frå klassiske verk til musikalar og rytmisk musikk. Me har framført klassiske verk av mellom andre Händel, Mozart, Bach, Vivaldi og Britten. Koret vårt har ved fleire høve samarbeidd med andre kor som Kaupanger bygdakor, Leikanger blandakor, Lærdal songkor og Førde kammerkor. Me er alltid på jakt etter nye songglade medlemmer. Kunne du tenka deg å prøva ut koret vårt, så møt opp til ei øving!
Me øver : Dag: Tysdag Tid: 19.00-21.30 Stad: Blaoboksen, Sogndal kulturhus
https://www.facebook.com/pages/Sogndal-Songlag/560041690684146?fref=ts
Nøkkelinfo
Type kor: Blandakor
Sjanger: Klassisk
Øvingstid: Tirsdag 19:00–21:30
Adresse: Sogndal kulturhus, Blaoboxen, Hovevegen 2, 6856, Sogndal
Distriktsledd: Sogn og Fjordane
Andre kor i distriktet
Stårheim Songlag
Stårheim
Blandakor
Blandede sjangre
Kyrkjebø Ungdomslag
Gode korvenn! I 1977 fekk Kyrkjebø Ungdomslag ei knoppskyting. Mange songglade medlemmer ønskte å st…
Kyrkjebø
Blandakor
Blandede sjangre
Blandakoret Dekor
Leiar: Ole Jakob Nedrebø, 9017 0920, olejakob@smok-da.no Dirigent: Hanne Heia Dybvik, 9716 2017, han…
Dale i sunnfjord
Blandakor
Blandede sjangre
Har du lyst til å bli med i et kor?
Å bli med i kor er enklere enn du tror. Her er din guide til hvordan du kommer i gang!
Ønsker du å vise frem koret ditt her?
Som medlem i Norges Korforbund får koret ditt en rekke fordeler, blant annet økt synlighet ved å presenteres på våre sider.