Hopp til hovedinnhold

Meland seniorkor

Om koret

Meland Seniorkor vart starta i 2020 med dirigent Kristine Fluge. Ikkje lenge etter kom pandemien...., men etterkvart kom det liv att i koret som har vakse og vakse! Vi var omlag 15 koristar til å begynne med, men tel no 35 aktive koristar. Få kor kan skilte med slik ei tilstrøyming! Kristine Fluge er heldigvis stadig dirigent og repetitør er Gisken Nygård. Med dei to i styringa, er det ei gleda å vera på korøving. Vi har sanneleg fått erfare at songen gjev oss energi og auka kjensle av lukka og velvære! Og slik har vi det! Vi gler oss til samværet - til øvinga og til fellesskapet. Det er fleire i flokken vår som aldri har vore med i kor før, men med øvingsfiler på nett, går det greitt å øve på si stemme! Vi er deleigar og øver i Stiftinga Nordgardsløa sentralt på Frekhaug. Vi øver kvar tysdag i oddetalsveker, kl. 14.00 - 15.30. Meland Seniorkor er eit kor for seniorar i alle aldrar, og ein treng ikkje vera heimehøyrande i Meland for å vera med. Repertoaret vårt er variert! Vi skipar sjølve til to konsertar i året - i juni og i desember. Etterkvart som vi er blitt kjende, har vi fått meir og meir oppdrag om å komma og syngja ved ymse høve.. Vi er glad for å vera ein del av Korforbundet og tek gjerne del i arrangement som dei skipar til, t.d. nyårskonserten og kortreff. Har du lyst til å vera i lag med oss, så er du hjarteleg velkomen. Som alle kor, treng vi og menn, men vi har plass til alle! Oppstart er 25. august 2026 i Løo, Havnevegen 34, 5918 Frekhaug. Er det noko du lurer på, ta kontakt med Marit på 95084347!

Nøkkelinfo

Type kor: Blandakor

Sjanger: Blandede sjangre

Øvingstid: Tirsdag 14:00–15:30

Adresse: Nordgardsløa, Havnevegen 34, 5918, Frekhaug

Distriktsledd: Hordaland

https://www.facebook.com/profile.php?id=61572529552134

Besøk Meland seniorkor på Facebook

Kommende konserter

Fant ingen kommende konserter… Kom tilbake senere!

Har du lyst til å
bli med i et kor?

Å bli med i kor er enklere enn du tror. Her er din guide til hvordan du kommer i gang!

Ønsker du å vise
frem koret ditt her?

Som medlem i Norges Korforbund får koret ditt en rekke fordeler, blant annet økt synlighet ved å presenteres på våre sider.

Nyhetsbrev

Få de siste nyhetene fra Kor-Norge rett i innboksen din.