Hopp til hovedinnhold

Lomsklangen

Om koret

Lomsklangen er eit blandakor i Lom kommune med om lag 30 medlemer, godt fordelt på dei fire stemmegruppene sopran, alt, tenor og bass. Det vart våren 2008 etablert eit prosjektkor i samband med 850-årsjubileet for Lom stavkyrkje. Lomsklangen vart etablert som framhald av prosjektkoret i september 2008. Koret syng ved alle moglege arrangement og vi likar godt variasjonen med dette. Vi er aktive gjennom heile året og har øvingar kvar måndag kl. 19.30-21.30 i kantina i Utgard. Vi har heile tida døra open for nye medlemmer. Repertoaret er variert for mange høve, slik som konsertar, stemne, messer og songkveldar, anten vi er inviterte eller arrangerer sjølve. Koret har opp gjennom åra hatt samarbeid med artistar utanfrå, m.a. Stjerna fra øst med Geirr Lystrup og Moskva Balalaikakvartett. Vi har også sett opp eigne prosjekt, m.a. Visst skal våren komme (Skeie/Tveit). Likeeins har vi hatt mange samarbeidsprosjekt med andre lokale krefter, m.a. Lom trekkspelklubb og Lom og Skjåk Brass. I 2023 var vi mellom anna med på ein stor konsert i høve Landskappleiken i Lom. Framover våren 2026 arbeider vi mot songarstemnet som vi arrangerer her i Lom 12.-14. Juni. Dette blir eit stort og triveleg stemne med 17 påmelde kor. Klikk på Songarstemnet 2026 øvst til høgre på sida for å sjå meir om stemnet. Saman med fleire kor i Gudbrandsdalen har vi vorte inviterte til å vera med på eit større prosjekt med Lillehammer Symfoniorkester og –kor i oktober 2027. Der skal vi vera med å syngje Carmina Burana av Carl Orff. Det trur vi blir mektig og magisk å få vera med på. Vi ynskjer fleire medlemmer til å vera med på både dette prosjektet og alt det andre vi er med på. Vi har det svært triveleg i lag på både på øvingane og når vi er ute og syng i ulike samanhengar. Kanskje du er huga til å syngje saman med oss? Koret har ikkje krav om notekunnskap eller nivå. Her er det songglede og humør som gjeld. Siv Monika Horten er styreleiar i koret. Dirigent har i alle år vore Kristbjørn Rossehaug.

Nøkkelinfo

Type kor: Blandakor

Sjanger: Blandede sjangre

Øvingstid: Mandag 19:30–21:30

Adresse: Utgard, Bergomsvegen 41, 2686, Lom

Distriktsledd: Gudbrandsdal

https://www.lomsklangen.no

Besøk Lomsklangen på Facebook

Kommende konserter

Fant ingen kommende konserter… Kom tilbake senere!

Har du lyst til å
bli med i et kor?

Å bli med i kor er enklere enn du tror. Her er din guide til hvordan du kommer i gang!

Ønsker du å vise
frem koret ditt her?

Som medlem i Norges Korforbund får koret ditt en rekke fordeler, blant annet økt synlighet ved å presenteres på våre sider.

Nyhetsbrev

Få de siste nyhetene fra Kor-Norge rett i innboksen din.