Brødsmulesti
Leirvik Mannskor
Om koret
Medlemmene i Leirvik Mannskor bur på øya Stord, på Sør-Vestlandet mellom Bergen og Stavanger. Stord er kjend som midtpunktet i regionen, og har m.a. stor produksjon av utstyr til olje-installasjonar i Nordsjøen. Mange av dei største i Nordsjøen er bygde på Stord. På øya er det to kommunar, Stord og Fitjar, Stord i sør, Fitjar i nord. Stord kommune har hatt ein stor auke i folketalet, i kommunen bur det no ca 17.000 menneske. Stord er no ein by, med Leirvik som sentrum. I dette miljøet er det Leirvik Mannskor eksisterer. Koret vart etablert alt i 1914, og feira derfor 100 års-jubileum i 2014. Opp gjennom åra har medlemstalet vore variabelt, men etter siste verdskrigen tok aktiviteten seg opp. Koret har i dag 54 aktive medlemmer. Leirvik Mannskor er eit kor for lokalsamfunnet og er difor aktivt i det lokale musikklivet. Koret har faste konsertar før jul og på 17. mai. Repertoaret er breidt, både kyrkjemusikk og verdsleg musikk har plass. Leirvik Mannskor deltok første gongen i utlandet på korfestivalen i Llangollen i Wales i 1979. Seinare har koret hatt konsertar i mange land, m.a. Slovenia, Østerrike, Tsjekkia og Orknøyane. Koret har også vore på tur til USA. Sommaren 2009 var koret ein tur til Kroatia. Har og delteke på nordisk-baltisk korfestival på Island. Jubileumsåret 2014 vert eit travelt år med jubileumskorsertar, songarstemne for Hordaland korforbund og ein heidundrande årsfest. Me øver i Ungdomshallen kvar måndag frå klokka 19.00. Du kan og finna meir informasjon om aktivitetar i koret på koret si "fjesbok".
Nøkkelinfo
Type kor: Mannskor
Sjanger: Blandede sjangre
Øvingstid: Mandag 19:00
Adresse: Ungdomshallen, Borggata 50, 5417, Stord
Distriktsledd: Hordaland
Andre kor i distriktet
Studentersangforeningen I Bergen
Har du sluttet i studentkor? Har du lyst til å begynne i voksenkor? Synger du i et blandakor, men ha…
Bergen
Mannskor
Klassisk
Meland seniorkor
Meland Seniorkor vart starta i 2020 med dirigent Kristine Fluge. Ikkje lenge etter kom pandemien...…
Frekhaug
Blandakor
Blandede sjangre
Sola Fide
Sola Fide er et blandakor/kammerkor, stiftet i 1989, som holder til i Fana like syd for Bergen. Vi t…
Søreidgrend
Blandakor
Blandede sjangre
Har du lyst til å bli med i et kor?
Å bli med i kor er enklere enn du tror. Her er din guide til hvordan du kommer i gang!
Ønsker du å vise frem koret ditt her?
Som medlem i Norges Korforbund får koret ditt en rekke fordeler, blant annet økt synlighet ved å presenteres på våre sider.