Brødsmulesti
Kyrkjebø Ungdomslag
Om koret
Gode korvenn! I 1977 fekk Kyrkjebø Ungdomslag ei knoppskyting. Mange songglade medlemmer ønskte å starte eit blandakor. Bygda vår er langstrakt og ligg solvendt til ved Sognefjorden. I dag er vi 40 songarar og kjem frå alle delar av Høyanger kommune. Vi er ein glad flokk med godt vaksne songarar, men har fleire innslag av den yngre garde, som alle tykkjer sang er moro og sosialt. Vi har eit variert program, frå salmar til Beatles og opptrer like gjerne i kyrkjer som i samfunnshus. Vi besøker institusjonane i kommunen gjennom året og syng for og saman med bebuarane. Vi har og besøkt barnehagen i bygda med song.
Den årlege julekonserten som koret har arrangert i over 45 år trekk mykje folk og er ein tradisjon vi vil fortsette med. Då inviterer vi andre lokale aktørar som korps og solistar innan song og musikk. Korsongarane trivst saman og har det kjekt på øvingar, konsertar og turar. Nyttårskonsertane i regi av Norges Korforbund Sogn og Fjordane er eit høgdepunkt og det same er vårens vakre eventyr; songarstemnet.
Vi har øving kvar tysdag i gymsalen på Kyrkjebø skule frå kl. 19.00 - 21.00, der nye songarar er hjarteleg velkomne. Koret fyller 50 år i 2027, så då vert det ekstra mykje fart og moro! Ta gjerne kontakt med Sissel Tove Litzheim på tlf. 93452083 eller e-post litzheim@gmail.com. Den nye dirigenten vår er Anita Nordheim som vi gleder oss til å samarbeide med.
Beste helsing Kyrkjebø Ungdomslag Songkor (KUL-koret)
Nøkkelinfo
Type kor: Blandakor
Sjanger: Blandede sjangre
Øvingstid: Tirsdag 19:00–21:00
Adresse: Kyrkjebø skule og samfunnshus, Furevegen 3, 6995, Kyrkjebø
Distriktsledd: Sogn og Fjordane
Kommende konserter
Andre kor i distriktet
Har du lyst til å bli med i et kor?
Å bli med i kor er enklere enn du tror. Her er din guide til hvordan du kommer i gang!
Ønsker du å vise frem koret ditt her?
Som medlem i Norges Korforbund får koret ditt en rekke fordeler, blant annet økt synlighet ved å presenteres på våre sider.