Hopp til hovedinnhold

Hjelmåskarane

Om koret

Hjelmåskarane er ein glad gjeng med songarar som har halde det gåande sidan 2003. Oppstarten til det heile var eit revyinnslag i Hjelmåsrevyen det året. Koret har 25 medlemmer, og me ønskjer oss fleire med på laget. Koret byta namn frå Hjelmås mannskor til Hjelmåskarane våren 2022. Hausten 2018 starta koret opp med ny dirigent. Helge Riise er eit kjend namn i korverda, han har arbeidd med musikk heile livet og dirigert mange av kora i Bergensområdet. No er han vorte kjend i heile landet som dirigent for Bergen Shantykor som gjorde det skarpt i Norske Talenter. Ny dirigent betyr også at koret no øver inn nytt repertoar. Dette vil m.a. vera viser, melodiar frå musikalverda, populærmusikk, sjømannsviser og litt tradisjonelle mannskorsongar. Slik er dette ei god tid for nye songarar å melda seg på. Alle øvingane til koret er opne for nye som kan tenkja seg å koma innom for å sjå og prøva. Mannskoret øver på Leiknes skule 10 min frå Knarvik i Lindås kommune tysdagar kl 1900-2130. Hjelmåskarane har m.a. fått publikumsprisen tre gonger i den litt uhøgtidlege konkurransen Koriaden. Av litt større prosjekt kan me nemne «Lysmannen» med Geirr Lystrup i samarbeid med Radøy damekor. Så laga me vårt eige prosjekt med skråblikk på det å vera mann. «Berre ein mann» gjekk for fulle hus. Me har vore med på julekonserten til Hanne Krogh, og me var med songkoret Albatross og deira jubileumsprosjekt «Frå Broadway til Folk ved fjorden». Me deltek elles som andre bygdekor i lokale arrangement der det måtte passe. Forskarar har slått fast at korsong gjev livskvalitet og folkehelse. Med på kjøpet får ein også kameratskap og ein kjekk hobby. Velkommen i Hjelmåskarane!

Nøkkelinfo

Type kor: Mannskor

Sjanger: Blandede sjangre

Har du lyst til å
bli med i et kor?

Å bli med i kor er enklere enn du tror. Her er din guide til hvordan du kommer i gang!

Ønsker du å vise
frem koret ditt her?

Som medlem i Norges Korforbund får koret ditt en rekke fordeler, blant annet økt synlighet ved å presenteres på våre sider.