Brødsmulesti
Cantando
Om koret
Ynskjer du deg ein hobby ? Kom og syng ilag med oss då vel!! I Blandakoret Cantando er vi ein glad gjeng på vel tjue godt vaksne kvinner og menn frå Hjørundfjordstranda, alle bygdene langs Vartdalsfjorden, og vidare innover til Ørsta sentrum. Vi møtes på halvegen på Vartdal skule, om tysdagskveldane kl.18.30-20.30, for å synge ilag. Blandakoret Cantando vart skipa i 2010 då Songlaget Bard i Barstadvika og Vartdal Blandakor samla songarane og notane sine i eit kor. I Cantando har vi ei uhøgtidleg omgangsform med mykje latter og moro og eit godt sosialt miljø. Vi arrangerer korkafear, julekonsertar, besøker Helsetun på Nøre-Vartdal og tek turen på stemne rundt på Sunnmøre og nedover i Sogn. Repertoaret er lett og allsidig med blanding av tradisjonelt og moderne stoff og vi har ein drivande flink dirigent i Morten Bollerud, som til tider kan vere svært humoristisk. Ikkje rart vi trives så godt i lag at vi knappast kan vere vekke ein einaste øvingsdag. Og som Prots seier det : " Dei som syng ilag og brukar stemma si får betre mental helse og lever lenger " Om du lurer på noko så ring 906 58 708 og la vi ta oss ein prat:-)
Nøkkelinfo
Type kor: Blandakor
Sjanger: Blandede sjangre
Adresse: Styrkerommet, Vartdal skule, 6170, Vartdal
Distriktsledd: Sunnmøre
Andre kor i distriktet
Sangkoret Cantàbile
Vi er et kor fra Ålesundsområdet som består av 43 sangglade kvinner og menn i alderen 30-70 år. Vi ø…
Ålesund
Blandakor
Blandede sjangre
Syvdeklang
Syvdeklang vart skipa i 2009 og er eit blandakor som held til i Syvde som namnet tilseier. Dei flest…
Syvde
Blandakor
Blandede sjangre
Ervingen blandakor
Eit kjekt kor med evig unge koristar, som møtast til song og glede kvar veke. Koret var starta i 200…
Hovdebygda
Blandakor
Blandede sjangre
Har du lyst til å bli med i et kor?
Å bli med i kor er enklere enn du tror. Her er din guide til hvordan du kommer i gang!
Ønsker du å vise frem koret ditt her?
Som medlem i Norges Korforbund får koret ditt en rekke fordeler, blant annet økt synlighet ved å presenteres på våre sider.