Brødsmulesti
Ål Koret
Om koret
Ål - koret er eit blandakor med ca. 40 medlemmer frå heile Hallingdal. Koret starta i 1989 og feira 30-årsjubileum i mai 2019 med tur til Berlin, der me hadde konsert med norsk musikk i Die Trinitatiskirche og musikalske innslag på gudsteneste i Den norske sjømannskyrkja.
Dirigent for koret er Arild Rønsen, som er ein habil tenor og i blant er solist med koret.
Repertoaret er i hovudsak klassisk, både sakral og profan musikk. Me øver kvar tysdag i Ål kulturhus og har helgeseminar i september og januar.
Gjennom året har koret ca. fire konsertar, to kvart semester. To av desse er faste arrangement, julekonsert i Ål kyrkje, ofte med innleigde solistar og musikarar, og koret er fast med på opningskonserten til Den norske folkemusikkveka i mai.
Hovudarenaen for koret er Ål kyrkje, som har eit fantastisk orgel og der ein har eit godt samarbeid med kantor Audun Flaen, men koret legg og konsertar til andre stader t.d. Ål kulturhus, grendahus og andre kyrkjer i Hallingdal.
Koret skal og vere ein sosial møteplass for koristane med kaffipause på øvingane og festlege avslutning til jul og sommarferie.
Nøkkelinfo
Type kor: Blandakor
Sjanger: Klassisk
Øvingstid: Tirsdag 19:00–21:30
Adresse: Ål Kulturhus, Sundrevegen 66, 3570, Ål
Distriktsledd: Buskerud
Andre kor i distriktet
ÅPENT KOR - Kongsberg Seniorkor
Åpent Kor - Kongsberg Seniorkor er en flokk morgenfriske, sangglade mennesker som samles hver onsda…
Kongsberg
Blandakor
Blandede sjangre
Drammen Kammerkor
Drammen Kammerkor teller rundt 30 sangere med variert musikalsk bakgrunn. Koret har gjennom årene ma…
Drammen
Blandakor
Blandede sjangre
Coro Angelico
Coro Angeloco er et kor for damer mellom 18 og 65 som ønsker å skape vakker musikk. Koret teller som…
Klokkarstua
Damekor
Klassisk
Har du lyst til å bli med i et kor?
Å bli med i kor er enklere enn du tror. Her er din guide til hvordan du kommer i gang!
Ønsker du å vise frem koret ditt her?
Som medlem i Norges Korforbund får koret ditt en rekke fordeler, blant annet økt synlighet ved å presenteres på våre sider.