Brødsmulesti
Sangens kraft - korsangerkurs med Jon Flydal Blichfeldt
Påmelding

Detaljer
Gjennom alle tider har songen løfta oss. Den har støtta oss i vanskelege stunder. Songen er der i bryllup og under fotballkampar. No veit me at hjarta slår i takt når korsongarar syng saman.
Jakta på denne krafta, denne felles kjensla, dette eine som songen kan by på står i sentrum for korsongarkurset 2026. Repertoaret er variert, frå folketoner du lærer på øyret til klassiske perler og popmusikk. Repertoar er variert, frå folketoner du lærer på øyret til klassiske perler og musikk frå populærkulturen
Det vert stilt krav til kvar enkelt songar om å stilla godt førebudd, og når me treffast by på seg sjølv i møtet med songarar frå heile landet. Her blir det lått og løye i god blanding med seriøst klangarbeid der me jaktar å løfta taket på avslutningskonserten.
Jon Flydal Blichfeldt er fast dirigent for tre kor: Osterøykoret, Bergen Mannskor og Ole Bull Kammerkor. Han er aktiv som instruktør for korsongarar og dirigentar. Han er utdanna cellist og kordirigent og har brei erfaring med korsong av alskens slag. Meir om Jon finn du på www.musikant.no.
Repertoar med noter
Eric Whitacre, This Marriage
Marius Müller, arr. Tove Kragset, Den du veit
Edvard Hoem/ Håkon Berge, No stig ein song
Eithne Ni Bhraonain, N.&R Ryan, arr. Mark Brymer, May it be
Folketone frå Hordaland, arr. Christian Holter, Og vil du hava meg til å kveda
Repertoar på øret
- Bring me little water, Silvy, etter Moira Smiley
og så to sanger som vi evt. tar med dersom vi får tid, også på øret: - Sulla lulla, fritt etter Ivar Krogh Hovd
- Ndinesiponono, sør-afrikansk trad.