Hopp til hovedinnhold

Radøy damekor sin sommarkonsert - med "Trommeklang"

Detaljer

Fredag 5. juni 2026

19:00

Manger kyrkje

Radøyvegen 1681

5936 Manger

Del konserten

Trykk på knappen under for å kopiere lenke til denne konserten som du kan dele med andre.

Radøy damekor sin sommarkonsert - med "Trommeklang"

Nok ein gong har vi gleda av å ynskje velkomen til ein spanande samarbeidskonsert mellom oss i Radøy damekor og perkusjonsgruppa Trommeklang. Vi har gledd oss veldig til kveldens konsert, etter at koret starta opp igjen tidleg på nyåret. Etter ein pause i fjor haust er det veldig kjekt å kunne invitere til konsert igjen, og då saman med dei dyktige musikantane i Trommeklang.

Med oss har vi William Kay både som dirigent og ved flygelet, og Martine Myrtveit Fjeld spelar saman med oss og Trommeklang på songen “Icicles” (“istappar”). Trass i namnet, håper vi at den – og resten av konserten – vil gje eikjensle av sommarvarme!

Nyhetsbrev

Få de siste nyhetene fra Kor-Norge rett i innboksen din.