Hopp til hovedinnhold

"Nu rinner solen opp"

Detaljer

Søndag 11. oktober 2026

18:00

Fredheim, i Ulsteinvik

Kyrkjegata

6067 Ulsteinvik

Del konserten

Trykk på knappen under for å kopiere lenke til denne konserten som du kan dele med andre.

"Nu rinner solen opp"

“Nu rinner solen opp”

Ørstakoret tek ei reprise på konserten med korarrangør Terje Aarset i sentrum. Den vart fyrst framførd i Ørsta kyrkje søndag 26. april i år,
søndag 11. oktober kl. 18 kjem den til Fredheim i Ulsteinvik.

Denne omtalen skreiv Odd Goksøyr etter konserten i april.

«Den teksta der har vore heldig», hadde nokon sagt på siste korøvinga. «Desse songane har vore heldige», kunne vi i salen seie etter konserten.

Den raude tråden i dei 14 nummera som vart framførde, var at dei alle var plukka frå det rikhaldige utvalet av songar Terje Aarset, mangeårig medlem i koret, har arrangert. Terje Aarset er elles kjent for sitt arbeid som professor i norsk språk ved Høgskulen i Volda og arbeid for å gjere Ivar Aasen sine skrifter tilgjengelege, mellom desse også mykje som ikkje har vore publisert tidlegare.

Men denne kvelden var det altså musikkarrangøren Terje Aarset som stod i sentrum, og som vart løfta fram av Ørstakoret med sin dirigent Roar Goksøyr Lillebø. Dei mange frammøtte vart serverte ein vakker og stemningsfull kveldstime der songen stod i sentrum, ikkje berre tonane, men også orda. Det er sjeldan å oppleve ein korkonsert der alle impliserte, frå arrangør til dirigent og kor, klarer å levere ein konsert der ikkje berre tonane er klåre og tydelege, men der desse tonane også ber fram orda og bodskapen i tekstane like tydeleg - delvis ved hjelp av dei varierte arrangementa til Terje Aarset, delvis gjennom ein dirigent som må ha arbeidd medvete med å skape ein neddempa korklang der energien er teken vare på også i dei mest neddempa partia og dermed skaper ein variert dynamikk i songen, og ikkje minst eit kor som er i stand til å gjere alt dette levande.

Konserten spente frå klassiske folketonesalmar som «Nu rinner solen opp» og «Nu solen går ned», nok ikkje heilt tilfeldig plassert først og sist i konserten, til friske takter med Roar Goksøyr Lillebø si tonesetjinga av Jakob Sande sitt dikt «Morgon på Kobbeskjeret». Det var heller ikkje nokon uting at songane fekk klinge i fred i den gode akustikken ei gammal trekyrkje gir utan å bli avbrotne av applaus, og at dei få innslaga av pianospel til songane var med å opne og utvide korklangen, ikkje skape ei rytmisk tvangstrøye slik det lett kan skje.

Då applausen etter ein knapp time fekk sleppe til, var det takka frå mange tilhøyrarar som hadde fått oppleve ein variert og klangfull konsert som hadde gitt både ro og glede, og som hang att i oss der vi vandra ut i ein kjøleg, men solfylt og fin vårkveld.

Det står att å sjå kva vér denne haustkvelden vil by på, men uansett so
ynskjer vi alle velkomne til å oppleve “Nu rinner solen opp” i lag med oss!

Ørstakoret

Nyhetsbrev

Få de siste nyhetene fra Kor-Norge rett i innboksen din.