Brødsmulesti
"Morgondagen er eit anna land", konsert med Ørstakoret.
Detaljer
Søndag 9. november 2025
18:00
Borgund kyrkje
Borgundgavlen 51
6015 Ålesund
Arrangeres av
Lenker

Søndag 9. november kl 18 er det konsert med Ørstakoret i Borgund kyrkje (Ålesund).
Der har ein i fleire år arrangert kunstutstilling i tida rundt helgemesse (allehelgensdag).
I år er det Ørstakoret sin dirigent Roar Goksøyr Lillebø som er invitert til å stille ut nokre av dei bileta han har laga siste fire åra.
Han vil også prege deler av programmet i konserten. Ein vil få høyre musikk han har laga til tekster av Jakob Sande, Anders Steinnes, Jon Fosse og Håvard Rem.
Andre komponistar/arrangørar er td Grieg, Grimstad, Bruckner og Aarset.
Sjølve utstillinga opnar 30. oktober og vert altså avslutta med Ørstakoret sin konsert 9. november.
Billettar: Vaksne kr. 200,- (Vipps eller kontant)
Barn og studentar gratis.
Opningstider kunstutstillinga:
Opning torsdag 30. oktober kl. 18.00
Program: Kari Kvangarsnes Miller, diktlesing - Timothy Miller, orgel. (Kyrkja blir open til 20.00)
Laurdag 1. nov. Open kyrkje kl. 13.00 – 15.00
Søndag. 2. nov. Gudsteneste kl. 11.00.
Open kyrkje 12.30 - 14.00
Onsdag 5. nov. Open kyrkje 14.00 - 16.00 og 18.00 – 20.00
Laurdag 8. nov. kl. 12.00 – 14.00
Søndag 9. nov. Gudsteneste kl. 11.00.
Open kyrkje kl. 12.30 - 14.00
Konsert kl. 18.00. Ørstakoret. Dirigent Roar Lillebø
(Vaksne kr. 200,-). Open kyrkje 19.00 – 20.00
Ålesund, Norway
Flere kommende konserter

Lørdag 1. november 2025
Trønderhallen
KORiNT-cup 2025
Lørdag 1. november 2025
Harstad kulturhus foaje 2. etasje
Korkafe med Sangkoret Lurlokk
Sangkoret Lurlokk
Lørdag 1. november 2025
Volda kyrkje
12-konsert Volda mannskor
Volda Mannskor

Lørdag 1. november 2025
Åsane Kulturhus
Jubileumskonsert - Tertneskoret 75 år
Tertneskoret

Lørdag 1. november 2025
Fana kirke
Allehelgenskonsert
Fana Mannskor
Lørdag 1. november 2025
Fargeriet sjoddien
Kormix på kryss og tvers i Norden
Kormix


