Brødsmulesti
"MItt hjerte alltid vanker"
Detaljer
Fredag 18. desember 2026
19:00
Ørsta kyrkje
Kyrkjegata 55
6153 Ørsta
Arrangeres av
Del konserten
Trykk på knappen under for å kopiere lenke til denne konserten som du kan dele med andre.

“MItt hjerte alltid vanker”
Fredag 18. desember held Ørstakoret sin årvisse julekonsert i Ørsta kyrkje. I år med tittelen "Mitt hjerte alltid vanker". Her inviterer koret til ein konsert som gjennom mange år har vore ein fin inngang til sjølve julehøgtida, nær som han er til denne.
For både kor og publikum vil konserten vere ei blanding av kjende og ukjende julesongar.
Konserten er tredelt der første og siste del vert framført framme i kyrkja. Den andre delen er frå galleriet der eitt av nummera er med orgelfylgje: Improvisata over "Folkefrelsar til oss kom" frå 1980 av Roar Goksøyr. Komponisten spelar her orgel medan Lisbeth Halse ved dette høvet dirigerer koret. I denne avdelinga vil ein også få høyre to koralar av J. S. Bach: "Wie soll ich dich empfangen" frå Juleoratoriet og "Nun komm der Heiden Heiland"; same tone som før nemnde Improvisata, men altså i ei utgåve 300 år eldre. På orgel vil ein så få få høyre Fuge over "Frå høge himmel kjem eg her", også av J. S. Bach.
Det fullstendige programmet må ein nesten møte opp på konserten for å få med seg, men det kan vere verdt å nemne nokre av desse:
Originalutgåva av "Glade jol" (Stille Nacht) med Vegar Selheim sitt gitarfylgje; "Maria, jeg har deg så inderlig kjær" av Robert Coates/Trond Kverno, Nordraak/Hovden sin "Joleklokker over jorda" og den avsluttande "Eg synger jolekvad" i Hovland/Goksøyr sine arrangement.
Det vert også høve for dei frammøtte å vere med på nokre av songane.
Velkomne!
Måleriet, som er logo til konserten, er måla av dirigenten vår
Roar Goksøyr Lillebø
Flere kommende konserter

Fredag 27. november 2026
Kirkestallen
Forejulskveld
Sangkoret Ambolten

Fredag 27. november 2026
Gamle Raadhus Scene
Konsert og fest med Korleone
Korleone
Lørdag 28. november 2026
Nysæter kyrkje
Det var ein gong ein julesong - Stordkoret med gjestekor; Stord barne - og ungdomskor
Stordkoret

Lørdag 28. november 2026
Bergen Domkirke
Promises to keep
Kor E Tonen

Lørdag 28. november 2026
Ekne kirke
Adventskonsert med Kor 7624
Kor 7624

Lørdag 28. november 2026
Rygge kirke
Vox Pura presenterer: En julereise.
Vox Pura




