Brødsmulesti
Julekonsert med Ørstakoret
Detaljer
Fredag 19. desember 2025
19:00
Ørsta kyrkje
Kyrkjegata 55
6153 Ørsta
Arrangeres av

Julekonsert med Ørstakoret
Gjestemusikar Tymur Baraban
Ørstakoret har i mange år hatt sin eigen julekonsert tett oppunder jul. Så også i år. Fredag 19. desember framfører dei eit a cappella-program med kjende og mindre kjende julesongar i Ørsta kyrkje.
Mellom dei kjende er mellom andre " Det lyser i stille grender", "Mitt hjerte alltid vanker" og "Kling no klokka".
Av dei meir ukjende er det mange som toler godt å verte tekne meir i bruk. Nokre har koret sunge før og nokre er nye av året. Dette er eit par av dei: "I denne søte juletid", folketone frå Ørsta etter Karen Sandvik og "Ljose dagar" av Arild Torvund Olsen. Begge arrangerte av Terje Aarset.
Frå den anglikanske tradisjonen syng koret fleire songar, men av spesiell interesse for Ørstapublikumet er "The Grasmere Carol". Opphavsmannen her er Sir Arthur Somervell som var grandonkel til Mary Brautaset. Ho budde størstedelen av sitt vaksne liv på Brungot og mange musikkglade ørstingar kjende henne.
Av det meir uvanlege slaget er to songar som stilistisk er på kvar sin kant. Dette er "Ave Maria" av Igor Stravinskij og "Den himmelske lovsang" av James Murray. Den sistnemnde kjem frå den amerikanske songtradisjonen på 1800-talet og første gong prenta i Noreg i 1890. Særleg på Nordvestlandet har han sidan vore eit fast innslag på mange juletrefestar. Den på Runde andre juledag er ikkje noko unntak i så måte. På nokre songar vil publikum få høve til å vere med i songen.
Den unge ukrainske fiolinisten Tymur Baraban vil ha ei avdeling i konserten der han spelar frå sitt repertoar. Tymur vann festivalstipendet for unge musikktalent under Sunnmøre
Kammermusikkfestival i haust.
Han kom frå Ukraina for halvtanna år sidan i lag med mor og syster, bur i Ørsta og går på musikklina på Volda vidaregåande skule. Han speler i fleire symfoniorkester, men er glad i musikk frå mange ulike sjangrar. Tymur speler, lyttar, komponerer og er oppteken av at musikken er meir enn teknikk – den er kjensler, formidling og tilstadevering.
Vi gler oss til å høyre han spele, og håper at du kjem!
Bill. kr 250. Sjå annonse i avisene.
Flere kommende konserter
.jpg%3Falt%3Dmedia%26token%3D9d0ca179-c49f-40f2-becb-862b73fecce7&w=640&q=75)
Søndag 14. desember 2025
Levanger kirke
JULEKONSERTEN 2025
Levanger Mannssonglag
Søndag 14. desember 2025
Grorud kirke
Luciakonsert
Bryn og Grorud Mannskor
Søndag 14. desember 2025
Sola Ruinkirke
Julekonserter - Ledaal Vokalensemble
Ledaal Vokalensemble

Søndag 14. desember 2025
Tjøme 16.00 og Sem krm 19.30
Tønsbergs Sangforening synger julen inn.
Tønsbergs Sangforening

Søndag 14. desember 2025
Gimle oppveksttun, aulaen
Julekonsert med Sapfonia
Sapfonia

Søndag 14. desember 2025
Kleive Grendahus
Julekonsert med Vivace
Vivace
.jpg%3Falt%3Dmedia%26token%3D9d0ca179-c49f-40f2-becb-862b73fecce7&w=256&q=75)


