Brødsmulesti
- Kor søker sangere
- Sunnmøre
Kom og syng i Ørstakoret!

Kom og syng i Ørstakoret!
Ørstakoret vart skipa i 1939, då under namnet Ørsta Ungdomskor. Koret tel i dag 24 medlemer og vi øver kvar onsdag kl. 19.30 - 22 i kjellaren i Ørsta Frikyrkje.
Ørstakoret har eit breitt repertoar, frå kyrkjemusikk til klassiske perler, frå folketonar til moderne songar, frå musikal til lokal musikk.
Det skal vere låg terskel for å starte i Ørstakoret, vi har inga stemmeprøve ved oppstart og alle får fleire vekers prøvetid til å finne ut om dei trivst.
Korsong er sunt, i fylgje forsking, både for den mentale helsa og for kroppen. Dei som syng saman knyter gode band! Vi har det kjekt i lag på øving, på konsertar og på reiser. Låtten sit laust og vi tek godt imot nye kormedlemer. Vi har plass til fleire songarar, særleg menn, men tek gjerne imot kvinner også! Om du vurderer å begynne i kor, so vil vi gjerne ha deg med!
Flere annonser
Søker ditt kor sangere?
Send inn en annonse
For å kunne sende inn en annonse må koret være medlem i Norges Korforbund.