Hopp over båndkommandoer
Hopp til hovedinnhold
Skip Navigation LinksKor > Utlysninger > Kor søker dirigent > Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane

​Kor i Sogn og Fjordane som søker dirigent​​

Hafslo songlag søkjer ny dirigent

Hafslo_songlag_april2019[2].jpg

Hafslo songlag er eit blandakor frå bygda Hafslo i Luster kommune. Me er eit aktivt kor som ønskjer å vere med på utfordringar som dirigenten gjev oss. Samtidig er vi eit bygdakor der det er viktig at den einskilde medlem kjenner på songgleda og at det gjer sosialt godt å kome på korøving!

Koret har vore i samanhengande drift sidan 1980 og tel i dag 20 medlemmar i alderen 40 til 80 år. Me har fleire medlemmar som kan avlaste dirigenten med stemmeøvingar o.l. Koret er medlem i Norges Korforbund. Sjå gjerne vår facebook-side:  https://www.facebook.com/Hafslosonglag/

Me øver ein kveld i veka på musikkrommet på Hafslo barne- og ungdomsskule. Me deltek gjerne på Korforbundet sine songarstemne og nyttårskonsertar. Me arrangerar vårkonsertar med inviterte nabokor og deltek på julekonsertar lokalt. Me har hatt nokre utanlandsturar og har også samarbeidd med damekoret Aidas frå Vilnius og Gropus frå Oslo. 

Koret har tradisjonelt arbeidd mykje med kyrkjemusikk og klassisk kormusikk, men me har og sunge jazz med Sogndal Storband, vore koristar for Åshild Mundal og hatt Erik Bye-kveld. Av favorittsongar kan me nemne: 

- Cantate domino / V. Miskinis
- Ned i vester soli glader / Arr.: Grethe Pedersen
- Bogorodize dewo, radujsja / S. Rachmaninov
- Nattjoik / F. Fjellheim
- Over the rainbow / Arr: Russ Robinson
- Bruremarsj frå Valsøyfjord / Trad. (med sopran- og tenorsolist)

I mange år var kantoren på Hafslo dirigent for koret. Frå 2013 tok Hilde Leikny Sommerseth over. Ho søkjer no andre utfordringar, og koret treng derfor ny dirigent frå haustsemesteret 2019.

Kan dette vere noko for deg? Me håpar å få til ein kveld der Hafslo songlag kan få møte deg allereie på denne sida av sommarferien. Kontakt leiar Nina Urdal på tlf 90102281 eller på epost ninauc71@hotmail.com, helst innan 7. juni. 


​​