Kor i Sogn og Fjordane som søker dirigent​​




Ledig stilling: Dirigent Radøy damekor (20% vikariat)

 

Frå 01.08.2017 til 31.07.2018 er det ledig 20% vikariat som dirigent for damekoret.

 

Om koret og musikklivet i kyrkjelyden
Koret er ein del av musikkarbeidet i Radøy sokn og har ca. 20 medlemer (SSAA). I tillegg til dirigenten, har soknet to kyrkjemusikarstillingar (80% og 15%) og det er gode instrument i alle kyrkjene. Repertoaret er allsidig og omfattar både kyrkjemusikk, folketonar og nyare songar og viser. Dei siste åra har koret reist på utanlandsturné til Litauen og Latvia, og har m.a. delteke på Nordisk-Baltisk korfestival. Koret øver kvar torsdag frå kl 1930 til 2130 i Manger kyrkje. Aktivitetsplanen elles vert satt opp i samråd med styret i koret.

Om deg
Vi søkjer ein dirigent som kan inspirera og motivera, og halde fram med den gode musikalske utviklinga som koret har hatt dei siste åra. Du bør ha ein god musikalsk bakgrunn og helst tidlegare dirigenterfaring.

Andre oppgåver
Eventuelle andre oppgåver knytt til stillinga kan vera speling ved institusjonsandakter (kvar 14.dag) og nokre få gudstenester i løpet av året. Vi er sjølvsagt opne for å diskutere andre løysingar med aktuelle søkjarar.

 

Vilkår
Løn ifølge tariffavtale etter kvalifikasjonar og erfaring.

Søknad vert å senda til Radøy sokn, Idrettsvegen 1A, 5936 Manger, eller via epost.
Søknadsfristen er 25.april.

 ​

J.William Kay,

Radøy sokn

www.kirken.no/radoy​



Er du vår nye dirigent?

maloy.jpg

Måløy Songlag trenger fra høsten av ny dirigent. Vi er et blandet kor på 31 medlemmer. Vårt repertoar er variert og vi liker å utvikle oss i forskjellige retninger.

Koret har eksistert i 90 år og har lange tradisjoner i kulturlivet i Vågsø​y og omegn.

Våre faste aktiviteter omfatter følgende:

  • 2 ½ timer fellesøving en gang i uken.

  • 2-3 øvingshelger pr år.

  • 1 større konsert hvert år (julekonsert/ annen type konsert).

  • Mindre sangarrangementer i nærmiljøet i forbindelse med høytider.

Vi leter etter en dyktig, allsidig og pianospillende dirigent, som har lyst til å utvikle koret videre. Vi er en gjeng med godt humør og stor sangglede.

Send oss en mail hvis du er interessert i å vite mer om oss.

Maloysonglag@gmail.com​

​​