Hopp over båndkommandoer
Hopp til hovedinnhold
Skip Navigation LinksKor > Om oss > Organisasjonen > Distriktskonsulent for Sunnmøre

Distriktskonsulent for Sunnmøre

Toårig engasjement i 20 prosent stilling

Norges Korforbund Sunnmøre (NK Sunnmøre) er eit lokallag av Norges Korforbund. Korforbundet er den største interesseorganisasjonen i Norge for kor og vokalgrupper med 30 000 kormedlemmar fordelt på over 1000 kor og vokalgrupper. NK Sunnmøre har 53 medlemskor og over 1600 korsongarar. Det er i normalt år stor aktivitet både i medlemskora og frå distriktsleddet ut mot medlemmane. NK Sunnmøre sitt overordna mål er å gi korsongen moglegheit for større utbreiing og høgare kvalitet. 

Engasjementet som distriktskonsulent skal ta over mykje av det daglege arbeidet som i dag vert utført av styreverva sekretær og kasserar (bilagshandtering). I tillegg skal distriktskonsulenten sette i verk aktivitetar som vert vedteke i styret. I dette ligg å organisere kora sine søknader om heidersteikn, søknader om diverse stønad og tilskot, legge til rette for prosjekt og kurs, vere kontaktledd mellom medlemskora og styret og stå for den daglege drifta av NK Sunnmøre. 

Vi søkjer ein person som har god kjennskap til Sunnmøre og korarbeid. Vi søkjer etter ein person som er sjølvstendig, strukturert, har god samarbeidsvilje og gode kommunikasjonsferdigheiter. 

I engasjementet er det lagt inn at den tilsette skal halde eige kontor på heimplassen sin. Det vil bli gjeve kompensasjon for bruk av telefon og datamaskin.

Distriktskonsulenten skal rapportera til og utføre vedtak fatta av styret i NK Sunnmøre. 

Instruks for stillinga og Norges Korforbund sin arbeidsavtale for distriktskonsulent vert oversendt etter mottatt søknad.

Distriktskonsulenten vil bli engasjert etter intervju ved representant for Korforbundet sentralt og for styret i NK Sunnmøre.

Løn etter avtale.

I engasjementet har ein tenkt tiltreding snarast råd.

Søknadsfrist er sett til 5. februar 2021.

Spørsmål om stillinga kan rettast til Bjørn Røren, telefon 41 41 46 01.

Ein ber om at søknader vert sendt elektronisk på E-post til rune@korforbundet.no 

Engasjementet vert evaluert av NK Sunnmøre sitt styre tidleg i 2022 og seinast på Årsmøte i DL Sunnmøre mars 2022.