NYTTÅRSKONSERTANE I

NORGES KORFORBUND SOGN OG FJORDANE

 

Nyttårskonsertane skal haldast siste søndag i januar og tidspunkt rundt kl 16.00

NKSF skal:

  • Ta kontakt med kyrkjene
  • Spørje kor om å vere arrangørkor
  • Sende ut og ta imot påmelding frå kora
  • Ta imot songnummer og setje opp konsertprogram
  • Vere programvertar
  • Ta oss av annonsering og plakatar

Arrangørkoret skal:

  • Lage kafe for sal av mat og drikke til koristar og publikum
  • Ta imot kora i kyrkja når dei kjem konsertdagen
  • Passe på at kora held dei øvingstidene som er oppsette
  • Ta billettar
  • Hjelpe til med å setje opp plakatar på plassen der konserten skal vere
  • Publisere konserten rundt omkring

Fellessongane på konsertane er «Hymne» og «Irish Blessing», Hymne får alle kor av NKSF då det er vår song. Medan Irish Blessing må kora kjøpe.

 

Gode tips:​

  • Plakatane bør vere meir lettleselege.
  • Publikum må fram i kyrkja.
  • Kollekt kunne auka overskotet då mange av sangarane gjerne vil bidra.
  • Be kyrkjene delta i dugnaden gjennom lågare leige, evn. at det kan finnast andre konsertstadar.

​