VELKOMMEN!


Austrheim Songlag inviterer til songarstemne i Austrheim kommune
Lørdag 5. mai 2018

austrheim songlag.jpg

​Vi i Austrheim Songlag tek no på oss nye oppgåver, og ønskjer korsongarar hjarteleg velkomne til songarstemne i Austrheim!


Last ned utskriftsvennlig versjon: ​Invitasjon Austrheim Songlag songarstemna_.pdf

 

Førebels program:

Kl. 09.30 -10.30: Frammøte/registrering på stemnekontoret i Austrheimhallen. Sal av kaffi m.m.
Kl. 10.30: Opning av stemna v/ordførar og prosesjon frå hallen via parken/Mastrevik Torg, Nordliheimen og tilbake til hallen. Fellesnummer i Austrheimhallen.
Kl. 12.00-13.30: Kyrkjekonsert i Austrheim kyrkje.
Kl. 12-00-15.00: Servering av lunch/Singers corner/Prøver.
Singers’ Corner på Mastrevik Torg og event. Kjelstraumen Brygge.
Kl. 15.30-18.30: Profankonsert i Austrheimhallen. Konferansier: Per Jon Odéen
Kl. 19.30: Middag/songarball på Austrheim Samfunnshus
 
Alle kora får plass/rom til å skifte og oppbevare eiendelar på Årås skule og i Austrheimhallen.
Stemnet går over 1 dag, men det er reservert eit visst tal sengeplassar på Kilstraumen Brygge (ca. 5 km frå Mastrevik) og Westland Hotel (ca. 20 km ).

Evt. overnatting

Det er lurt å melda seg på tidleg då kapasiteten på overnatting er avgrensa.
Prisar m.m.:
  • Kilstraumen Brygge www.kilstraumen.com: 16 rorbuer med 6 sengeplassar, pris pr. rorbu kr. 2.500. 8 hytter med 3 sengepl, pris pr. hytte kr 1.500.  Frokost kr. 150 pr.pers.
  • Westland Hotel www.westlandhotel.no​: 40 doble og 40 enkle rom. Kr 1.000 for enkeltrom og kr 650 pr. pers. i dobbeltrom. Prisane inkluderer frokost. Vi har også avgrensa kapasitet for talet på deltakarar og kor, og vi set ei grense på 18 kor og/eller 500 deltakarar.

Deltakaravgift

Påmeldingsgebyr pr. kor kr. 1000  Dette skal betalast ved påmelding seinast 15. januar. Blir ikkje refundert
Stemnekontingent pr. deltakar kr. 400 
Lunsj pr. person kr. 125,00       
Songarfesten pr. person kr. 550,00    
Betalingsfrist blir fastsett seinare, truleg 2 mndr. etter påmeldingsfristen
 

Påmelding innan 15. januar 2018 til Austrheim Songlag med

·         Namn og adresse på kor
·         Ca. tal på kormedlemmer som deltar frå koret
·         Ca. tal på dei som skal vera med på songarballet (først ”til mølla”, max 300 personar)
·         Kontaktperson i koret med tlf. og e-post
·         Konsertønskje

Adresse: Austrheim Songlag v/Ingrid Nielsen, epost :ingridy.nielsen@gmail.com​ . Tlf: 48212245

        

(Info om Austrheim kommune finn du på adressa:  www.austrheim.kommune.no​ )