ørstakoret

Ørstakoret vart skipa i 1939, då under namnet Ørsta Ungdomskor, og vi feira 80-årsjubileum i 2019.

Koret tel i dag 26 medlemer, og vi har øving kvar onsdag 19.30 - 22 i Ørsta Frikyrkje, 6153 Ørsta.

Ørstakoret har eit breitt repertoar, frå kyrkjemusikk til klassiske perler, frå folketonar til moderne songar og frå musikal til lokal musikk.

Det skal vere låg terskel for å starte i Ørstakoret; vi har inga stemmeprøve ved oppstart og alle får fleire vekers prøvetid til å finne ut om dei trivst.

Korsong er sunt, i fylgje forsking, både for den mentale helsa og for kroppen.
Vi har det kjekt i lag, både på øving, på konsertar og på reiser. Låtten sit laust, og vi tek godt imot nye kormedlemer.
Dei som syng saman knyter gode band! Om du har vurdert å begynne i kor, so vil vi gjerne ha deg med!

Noko av det vi har gjort: (Her står det att å føre på dei siste åra.)

Våren 2016 hadde vi for fyrste gong et nytt våravsluttingsprosjekt:
- Ein todelt sommarkonsert 11. juni, med fyrste avdeling i Ørsta kyrkje og den andre i Kunsthuset. Vi starta med ein kyrkjekonsert og deretter ein kombinert konsert og sommarfest på Kunsthuset.

Av større tidlegare prosjekt kan nemnast "The Armed Man" av Karl Jenkins, Händels "Messias", Haydns "Skapinga", Mozarts "Requiem", Mendelssohns "Elias", Brahms’ "Ein deutsches Requiem", Dvořáks "Stabat Mater" og det moderne verket "Carmina Burana" av Carl Orff.

Turar til utlandet:
-Eisteddfod i Llangollen, Wales i 1994.
-International Music Festival Eger-Budapest, Ungarn i 1998.
-NORSA Festival, Port Elizabeth, Sør-Afrika i 2002.
-Galway/Dublin, Irland i 2007.
-Korfestival ”Verona-Garda Estate” i Verona, Italia i juli 2016.

Om det du har lese over fell i smak og du får lyst til å vere med, er det berre å møte opp til øving i kjellaren på Ørsta Frikyrkje!

NOKRE KONSERTAR SISTE ÅRA

"Tango og tzatziki" i Ørsta kulturhus 3.04.2011
Framføring av "Stabat Mater" i Volda kyrkje 23.10.2011
Ivar Aasen-konsert i Aasentunet 24.02.2013
Utekonsert i Ørsta sentrum 5. juni 2013
Ivar Aasen-konsert i Trivselshagen på Sandane 15.09.2013
75 års jubileumskonsert 26. april 2014
Julekonsert (saman m. Volda blandakor) med Hanne Krogh og tre tenorar i Volda kyrkje 26.11.2014
Julekonsert saman med Ørsta Frikyrkjekor og ungdomssymfonikarane i Ørsta og Volda i Ørsta bedehus 6.12. og Volda kyrkje 7.12.2014.
Todelt sommarkonsert i Ørsta kyrkje og Ørsta kunsthus 11. juni 2015.
Framføring av "The Armed Man" av Karl Jenkins saman med Volda Vokal, Høgskulekoret og Høgskuleorkesteret i Volda 14. og 15. november 2015 i Propellhallen Arena i Volda.
Julekonsert i Ørsta kyrkje 20. desember 2015.
Deltaking i urframføring av opera "Kimen" av Magnar Åm, juni 2018.
Julekonsert i Ørsta kyrkje 9. desember 2018.

Sjanger: Blandet

Leder: Anne Elisabet Ose Velle
Medlemmer: 26
Dirigent: Roar Goksøyr Lillebø
Kortype: Blandakor