​Kor på Sunnmøre som søker sangere​


Ørskogkoret søker nye sangere!


Ørskogkoret korbilde.jpg

Ørskogkoret er eit blandakor med rundt 30 medlemmer.

Repertoaret til koret har stor spennvidde med alt frå Pop/Rock til velklingande kyrkjemusikk. Vi arrangerer eigne konsertar, men deltar like gjerne på andre arrangement i nærområde vårt og saman med andre kor og korps i og utanfor bygda. Vi er ein gjeng som set det sosiale høgt. Å synge skal vere gøy, men vi tar oss også tid til pausar med kaffi og noko godt å bite i på øvingane.

Vi reiser gjerne på songarstemne i vårt eige fylke eller til  nabofylka. 
Vi har også deltatt på korfestivalar utanlands og på eigne utanlandsturar med song i bagasjen. 

Liker du å synge og kunne tenkje deg å vere ein del av eit kor?

Då vil vi svært gjerne at du tar kontakt og finn ut korleis vi har det.

Besøk nettsida vår, www.orskogkoret.no, eller Facebooksida, for meir informasjon.

Ørskogkoret logo.jpg