Hopp over båndkommandoer
Hopp til hovedinnhold
Skip Navigation LinksKor > Delta på video-opprop for meir song i skulen

Delta på video-opprop for meir song i skulen

​​​​

​I kjølvatnet av at ordet "sang" er fjerna frå ny overordna læreplan, har mange engasjert seg for å sikre at barn og unge får synge meir i skulen. I samband med dette inviterer Krafttak for sang, Musikk i skolen og Norges Korforbund stemmer fra heile landet til å spele inn ein kort filmsnutt (gjerne på telefonen sin) om eitt av desse tema: ​

  • KVIFOR ER SANG VIKTIG FOR DEG? 
  • KVIFOR MEINER DU AT SANG HØYRER HEIME I SKULEN? 

Du kan enten fortelje ei kort, personlig historie, eller snakke generelt om tema. Hugs at ditt klipp berre vil bli eitt av mange, så noko kutting vil kunne forekomme! 

Opptaket vil bli pub​lisert i både på facebook, twitter, instagram- og youtube-kanalar, samt får sjølvsagt både kunnskaps og kulturministeren kvar sin versjon. ​

Les meir om bakgrunnen for prosjektet og hvordan du sender film på denne siden hos Krafttak for sang








09.10.2017