Brukernavn:
Passord:
Koret har rundt 35 medlemmer som har felles glede i song, og å skape gode opplevingar med den!
Å synge i kor er lærerikt og utviklande.


Me øver mandagar kl.19.15-22.00 i Salen 1.etg. på Volda samfunnshus.


Volda Ungdomskor, seinare endra til Volda Blandakor, vart skipa i 1874. Koret har vore medlem i Sunnmøre Songarlag, no NKF Sunnmøre, sidan starten av 1900 og er dermed av dei eldste kora i landet.

Dette inneber at Volda Blandakor har ein viss kulturarv å ta vare på. Me kallar oss eit moderne "bygdekor" som er samfunnsengasjerte og tek del i oppgåver og arrangement i lokalmiljøet.

For det meste øver VBK på profanrepertoaret, og har årleg korkaféar/konsertar og deltek på songarstemner. Me samarbeider også med andre aktørar i kulturIivet. Ved Kyrkjemusikkveka eller som i februar i år då me var inviterte av Volda Hornmusik til deira konsert med Richard Rodgers. Lærerikt og kjekt!

Richard_Rodgers_feb-2011_webstr
Frå generalprøva til "Richard Rodgers" - i samarbeid med Volda Hornmusikk feb.-11.


Me syng elles fast ved adventskonsertar, juleotte, ved konfirmasjonar og 17.mai. Og er på høgtidsdagar rundt på institusjonar for å skape stemning og glede.

1204mann_blandakor_
Adventskonsert Volda kyrkje 2011 (foto Møre)

Og med nokre års mellomrom tek me turen utanfor moderlandet,- koret har bl.a. vore i Tyskland, Bulgaria og i år gjekk turen til Riga.

Alt dette gir ein variasjon som er med på å gjere det så kjekt og utfordrande å synge her!
Og repertoaret spenner frå folketonar og sakralt til profan/populærmusikk,- og innanfor desse sjangerane både internasjonalt og norsk! Me har foreksempel siste året arbeidd med bla balkanske songar,- nytt og spennande med "skeive takter"! Og ortodoks kyrkjesong - vakkert!


Kor_tur_til_Riga_17-20_juni_066
Koret deltok under gudsteneste i Lutheran Church i Riga.


"Å komme sammen er begynnelsen, å holde sammen er fremgangen, å arbeide sammen er suksess!! (Henry Ford)

TILLITSVALDE I VOLDA BLANDAKOR 2012


STYRET 2012
Leiar: Malvin Kile Musikknemnd: Aud Bendiksen
Nestleiar: Aud Osdal Marit Haddal
Sekretær: Anne-Grete Eiken Aud Osdal
Kasserar: Anne-Margrethe Mo Dirigent Alexander Minkov
Styremedlem: Janne Nesje-Nilsen
1. varamedlem: Erna Erstad Arrangemnetnemnd: Lisbeth Svendsen Søvik
2. varamedlem: Torun Lidarende Aud Osdal
3. varameldem: Randi Eikrem Janne Nesje-Nilsen
Kari Slettevoll
Lotterinemnd: Aud Selma L. Husøy
Trond Lillebø Kortrappansvarleg: Per Vassbotn
Trond Lillebø
Arkivar: Trude Tonning
Erna Erstad Faneansvarleg: Trond Lillebø

Kaffikokar: Anna Lore Larsen Revisor: Trond Lillebø
Aud Osdal

Valnemnd: Aud Solheim
Anne Marie Breivik
Kari Slettevoll



VÅRE KORVETTREGLAR
(vedtatt på årsmøte 23.02.2011)

1. Hald øvingsdagen «heilag». Andre er avhengig av deg.


2. Me startar alltid presis. Gi beskjed i god tid dersom du ikkje kan møte.

- Ved ordinær øving gi beskjed til leiar / dirigent.

- Ved generalprøver / opptreden gir ein beskjed i god tid i forkant til dirigenten dersom ein ikkje kan møte.
- Har du verv du ikkje kan skjøtte, husk å gi beskjed til vara.


3. Til øving og konsertar stiller ein så godt budd som mulig. Og ved opptredenar stiller ein i antrekk som det er gitt beskjed om slik at koret stiller med eit representativt og homogent uttrykk.


4. Vis respekt for dirigent, leiar og medsongarar og unngå unødig prat og andre
aktivitetar under øving, slik at me alle bidreg til å skape eit positivt læringsmiljø.


5. Vis respekt for styret og dei valde arbeidnemndene, og la dei få skjøtte dei
verva dei er sette til å gjere. Kom gjerne med innspel, og bruk forslagskassa!


6. Mobiltelefon skal stå på lydlaust under øving (unnateke dei som av naudsynte grunnar treng å vere tilgjengelege)


7. Kvar enkelt korist har ansvar for å ta vare på notar ein får og halde orden i dei slik at dei er lett tilgjengelege under øving. Notar og øvings-cd`ar skal leverast inn til arkivar når ein avsluttar medlemskapet i koret.


8. Det forpliktar å stå i kor, og medlemmane bør vise lojalitet overfor alle arrangement (konsertar, opptredenar, dugnad, lotteri og tombola m.m.) dersom ikkje vektige grunnar hindrar dette.


9. Ved ønske om permisjon er det viktig å gi beskjed om dette til leiar /dirigent i god tid med tanke på planlegging og eventuelle verv ein har i koret. Koret har skjema ein kan nytte til dette . Det same gjeld ved utmelding.


10. Kun leiar, dirigent eller andre med verv som tilseier det, kan ta initiativ til å avtale eller organisere noko på vegne av koret.

Powered by Already On