VELLEDALSKORET 30 år, februar 2012

Dette biletet er frå vår 17-mai konsert i 2010. Det byrjar å verte ein tradisjon for koret å ha konsert om kvelden 17. mai. Det er ein flott dag å ha konsert på, og mange tykkjer det er godt å kunne sette seg ned og nyte sang og musikk etter ein hektisk nasjonaldag. I år, i 2012, passar det ekstra godt å ha konsert denne dagen, då koret feirar 30 års jubileum, og reiser med mesteparten av det same stoffet på jubileumstur til Krakow i mai/juni. På konserten vert det også delt ut heidersteikn til kormedlammar.
|
 |
|
Dette biletet er tatt i forbindelse med vår Retro-konsert.
Velledalskoret er eit blandakor som vart starta i 1982, og har medlemmer som kjem frå ulike deler av Sykkylven.
Vår dirigent er Kjellaug Oma frå Stranda.
Koret har hatt mange prosjekt opp gjennom åra, og vi kan nemne "Edith Piaf på norsk" i 1987, Beatles-oppsetting i 1989, "Ragtime"-cabaret i 1993 (på CD), "Religiøse folketonar frå Sykkylven" i 1998 (på CD) og "Side by side"-cabaret i 2001. I 2002 var vi i Praha der vi hadde konsert i St Nikolas-kyrkja og St Francis-kyrkja. I 2003 sette vi opp ein konsert med Abba-melodiar saman med Musikklaget Lurlåt og unge lokale solistar.
I 2004 fekk Velledalskoret Sykkylven Kommune sin kulturpris for vår innsats lokalt, og fordi vi har vore ein god ambassadør for bygda. Siste laurdagen før jul arrangerer vi vår årlige julenattine, og i 2005 gav vi ut ein CD med ein del av reportoaret. Ein kjær tradisjon for mange. I høve 25 årsjubileet var vi i 2007 i Budapest og sang i flotte kyrkjer. I 2009 hadde vi 2 retrokonsertar. Publikum har møtt godt opp og gitt oss positiv respons.
Velledalskoret har også oppnådd gode resultat i korkunkurransar på nasjonalt nivå.
|
|

|
|

Desse bileta er frå koret`s første julenattinè i Stranda kyrkje. Som det kjem fram på bileta, er vi ein livleg gjeng!
Vi har plass til fleire songarar, på alle stemmer. Ta kontakt om du er interressert!
|
|
|