Brukernavn:
Passord:

MANNSKORET_08s

Ulstein Mannskor 2009 då koret feira 125 års jubileum.
----------------------------------------

Ulstein Mannskor – stifta 1884

Ulstein Mannskor vart skipa 5. november 1884.

Denne sundagen var tolv mann frammøtte i stova til Knut Hanson Saunes.

Prost Anker som kom til Ulstein i 1881 hadde tinga med Rasofiel Rise frå Hareid om å ta på seg dirigentoppgåva. Allereie 2. januar 1885 song koret på Ynglingeforeninga sin julefest på Skeide skule.

Dette var ei oppbrotstid og det ulma mellom Noreg og Sverige. I 1894 song koret ”Hurra for Jonas Anton Hjelm” av Henrik Wergeland, som framleis er på repertoaret, og hyllar han som ”fridde flagget ut”, det reine norske flagg ”fløy opp det røde, ned det blå”.

Det har gått opp og ned med talet på songarar og i 1910 kan vi av eit bilete telje 14 mann. På øving 9. april 1940, stilte koret på troppa på Fredheim og song ”Ja, vi elsker” med all si sjel og vart einige om å ta ei pause medan mobilisering og anna stod på.

Allereie til hausten var dei i gong igjen og det seig til med nye songarar og talet var oppe i 60. På biletet frå 60 års jubileet i 1944 tel vi 45 dresskledde songarar. I 1959 43, då med Johan H. Grimstad som dirigent. På 100 års jubileet i 1984 mønstra ein 30 songarar.

Koret feira altså 125 års jubileum i 2009 og har i dag 30 medlemmer. Dei seinare åra har koret framført fleire kabaretar så som Vidar Sandbekk, Sjømannskabaret og no sist Jakob Sande. Koret arbeidar nå med Evert Taube for framføring straks den er klar.

Robert Skeide er koret sin dirigent, arrangør og til tider også komponist. Han er den 20. dirigenten i rekka, men har til gjengjeld svinga taktstokken kontinuerlig sidan 1975. Denne har han svinga taktfast, med stor innleving og eit smil ved alle nappetak om kunstnariske vriar i tekst og tone.

-----o----

Reykholt_kyrkje_2010s

Konsert i Reykholt kyrkje august 2010

avslutta ein særs vellukka rundtur på søndre Island

Powered by Already On