Brukernavn:
Passord:

Framføring av Vivaldi's Gloria!
Konsert_Gloria_22.11.09

Tysnes Kammerkor og Sunnhordland Kammerorkester framfører Vivaldi's Gloria

 i Tysnes kyrkja 22.11.2009



Velkommen til Tysnes Kammerkor
Smånytt  frå koret
Styret for 2012  
 Leiar:             Aud Kari
 Nest-leiar:       Eli
 Skrivar:          Hildur
 Kasserar:        Lise
 Styremedlem:  Lina
 Vara-rep.:       Asle Bernt
Dirigent endringar  
 I vårsemesteret 2012 er det Espen Selvik som er vår dirigent!
Øvingar våren 2012  
 I vår held me øvingane våre i biblioteket på Onarheim skule.
 Øvingstida er kvar tirsdag kl. 1930 - 2130
Repetoiret for våren  
 Salmer og klassiske songar
Komande tilstelningar  
  1. Syngja ifm bispevisitas i Reksteren kyrkja 15. mars 2012
  2. Konsert på Tysnes Sjukeheim 14. april 2012
  3. Kyrkjekonsert i Tysnes kyrkja 29. april 2012
Utenlandstur   Koret reiser på tur til Vilnius fyrste helga i juni. Der skal me også ha ein konsert.



Bilete
1. Frå Songarstemnet i Tysvær mai 2010
TKK_28.5.10



Frå koret si soge
Frå
Kor Som Helst


til

Tysnes Kammerkor


Koret byggjer på ein lang og omfattande kor-tradisjon i bygdene i Tysnes. Denne går meir enn hundre år tilbake i tid.
Fram til omlag 60 år sidan var det fleire kor i kvart sokn (blanda-, manns- og damekor). Etter krigen har det gradvis gått nedover både med folketal og også med aktive korsongarar i Tysnesbygdene. 
Med tilbakegongen vart det umogeleg å halda oppe desse mange småkora. Det vart fyrst samling kring nokre få bygdakor, og fleire av våre songarar var med i desse . Men rundt 1990 vart det naudsynt å ta heilt nye grep.

På 90-talet oppstod difor dette fyrste felleskoret for heile Tysnes; og namnet vart høveleg nok Kor Som Helst. Øvingane flytter rundt mellom fire stader i kommunen (Lunde, Onarheim, Uggdal, Våge) - eitt år på kvar stad.
Kor Som Helst vart stifta 18. august 1993.

Våren 2005 vedtok koret at det frå hausten 2005 skulle endra namnet til Tysnes Kammerkor.

 
Dirigentar

Torstein Hatlevik
Koret hadde i omlag 10 år (frå 1999 til utgangen av 2009) Torstein Hatlevik som dirigent. Torstein tok koret med på opggaver som ein ikkje trudde skulle vera mogeleg for eit lite bygdakor. Særleg satsing på store verk som Vivaldi's Gloria og Fauré's Requiem har vore sers krevjande oppgåver. Med denne satsinga løfte koret seg songleg. Det kulminerte med konserten saman med Sunnhordland Kammerorkester 22. november 2009 (sjå det innleiande biletet på denne sida).

Jurgita Bubilaite

overtok dirigentoppgåva etter Tirstein og har leia oss sidan 2010. Jurgita har dreia repertoiret vårt meir i retning av norsk og nordisk musik. Også dette kan vera krevande oppgaver!









 


















Powered by Already On