|
Stettekoret er ein frisk gjeng på 25 medlem frå Stette og bygdene rundt. Koret fylte 35 år i 2011 og kjenner seg som 30-åringar flest; i sin beste alder og klar for det meste. Koret har eit variert repertoar, hovudsakleg innan den rytmiske sjangeren, og vi opptrer helst acappella. Vi nyttar ofte solistar frå eigne rekker for å variere repertoaret.
Vi arrangerer revy og cabaret, musikkkafeer og pubkvelder og opptrer på andre kulturelle arrangement i nærområdet. Vi tek også på oss underhaldningsoppdrag. Vi har ofte hatt samarbeidsprosjekt med Stetteblåserane og nyleg framførte vi og Skodje Blandakor Stjerna frå Øst, med Geir Lystrup og Moskva Balalaika Quartet.
I 2006 og 2009 reiste vi på korttur til henholdsvis Skottland og Østerrike, og ein ny tur er under planlegging. Vi er også på facebook.
|