
Songlaget Alvidt/Manger er eit blandakor -noko ujamnt blanda. Så vi ønskjer oss fleire MENN! Både bassar og tenorar - og dei som ikkje veit kva stemmegruppe dei tilhøyrer - er hjarteleg velkomne! Men, vi tek óg imot damer med opne armar. Koret vårt har lange songtradisjonar. Det starta med at to kor, eitt i Alversund og eitt på Manger, slo seg ilag for vel 20 år sidan.
Idag har vi medlemmer i alle aldersgrupper - det gjer at vi har eit ope og inkluderande miljø som det er lett å finne seg tilrette i. Kan dette vere noko for deg? Kom på ei øving og prøv, meir formelt er det ikkje!
Vi øver kvar måndag på Knarvik ungdomsskule, kl 18.45 - kl 21.00.
