|
Du er velkommen til å bli medlem i songkoret Vågen Heilt ung eller godt vaksen? Vi tek godt imot deg. Vi er eit blandakor med ca 40 medlemmer som øver på Rossland skule mandag frå kl. 19.30 - 21.30. Songglede, trivsel og sosialt fellesskap pregar øvingskveldane. Kom på øving eller ta kontakt med leiar i koret, Randi Iden, tlf. 56 17 91 73/971 45 919. Dirigent er Kristine Fluge.
Kor i 50 år Sognkoret Vågen vart stifta i 1960 og fire av medlemmene har vore med frå starten. Jubileumsåret i fjor vart markert med konsert, fest og utanlandstur. Ein fullsett sal på Nordhordland folkehøgskule fekk høyra litt av repertoaret frå koret sine 50 år. Med på konserten var gruppa "Heimalanne" som vi hadde eit fruktbart samarbeid med heile våren. Jubileumsturen gjekk til Dubrovnik i Kroatia der konsertar og utflukter til Bosnia og Montenegro var høgdepunkt. I tillegg var det god tid til andre opplevingar og mykje prat og song.
Repertoar Vi syng viser, folketonar, salmar, evergreens, blues, pop - norsk og utanlandsk. Vi syng Prøysen, Taube, Vamp, Heimalanne, Abba og mange fleire. Vi syng Sumarkveld ved fjorden, Vitae lux, Gabriellas song, Tir n'a noir, Georgia on my mind og 340 andre.
|