Songkoret Spleis er eit blandakor som består av ein flott gjeng songglade menneske i Masfjorden kommune.
Medlemstalet er for tida 18 stk, fordelt nokolunde greit på dame- og herrestemmer. Som dei fleste andre kor så ynskjer vi oss fleire medlemmer - tenorer er særs velkomne!

Koret øver kvar tysdag i tida 1900 - 2200, annankvar veke på Matre skule og Nordbygda skule.