Seim Songkor
Vart skipa i 1974, og høyrer til i Lindås kommune, nord for Bergen. Koret er eit blandakor og har i dag omlag 20 medlemar frå kommunane Lindås, Radøy og Bergen.
Seim Songkor har opp gjennom åra hatt mange spanande prosjekt, framføringar og konsertar innan ulike stilartar. Takka vere dugande dirigentar og entusiastiske medlemar, har koret hatt ei jamn musikalsk utvikling. Koret har delteke i korkonkurransar i inn- og utland, med gode resultat.
VÅREN 2012:
GULLDIPLOM I RIVA DEL GARDA !
31.mars reiste koret til Riva del Garda for å delta i ein internasjonal korkonkurranse. Vi deltok i sakral klasse. Vi hadde også konsert i Assunta-kirken tirsdag 3.april. Sjå omtale i Avisa Nordhordland:
Lørdag 9.juni skal koret delta i Syng for Oss i Bergen der vi deltek i klassen for blanda kor.
KORIADEN 2012 går av stabelen lørdag 20.oktober 2012. Påmelding innan 20.mai! Invitasjon går til kora i april månad
Lørdag 12.november kl. 16.00 gjekk Koriaden 2011 av stabelen!
Koriaden er ein uhøgtideleg korkonkurranse der 9 av kora frå Nordhordland tok del. I alt ca 190 songarar og dirigentar frå Nordhordland var med og lagde ei festforestilling for kvarandre og publikum - før kvelden vart avslutta med festmiddag og premieutdeling. Dommarar i konkurransen var: Tore Kloster, Dag Hugaas og Sølvi K.Mjøs.
Resultatliste: 1.plass: Seim Songkor 2.plass: Lindås songlag og Hjelmås mannskor Spesialpris: Dirigent Kristine Fluge som stilte med heile 3 kor Publikumsprisen: Hjelmås mannskor Vandrenoten: Seim Songkor Sjå ellers omtale under presseklipp.
|