Brukernavn:
Passord:

Rosendal songlag - eit av Norges eldste kor!

 
Rosendal songlag vart skipa i 1883, og vi er framleis i full aktivitet.
I ein alder av snart 130 år er vi gamle på papiret, men elles er vi friske i "kropp og sjel".

Repertoaret vårt er allsidig, som det skal vera for eit bygdekor.
Vi syng middelaldermusikk, nyare musikk, irske folketonar, musikalar, salmar ....
Nett no øver vi på songar av Jan Eggum og Halvdan Sivertsen.


Ein 130-åring skal vera litt vital!
Vi har som mål å koma oss utanlands annakvart år.

I 2009 vitja vi Italia og området rundt Gardarsjøen. Tur til operaen i Verona var eit høgdepunkt. Fantastisk akustikk der.
I 2011 reiste vi til Irland/Dublin. Konsert i ølbryggeriet Guiness var ei spesiell oppleving å ta med seg.

Guiness


Guiness_for_damene



Tur i jubileumsåret 2013?? Vi reknar med det!! Kanskje du vil vera med oss?


Samarbeid med andre kor er kjekt!
Rosendal songlag likar å syngja i lag med andre kor.
 
Vi har hatt prosjekt i lag med Røysterett for alle, frå Uskedalen. Eit naturleg samarbeid i og med at vi har felles dirigent!
Utanom har vi sett pris på konsertar i lag med andre kor frå Kvinnherad, Leirvik mannskor frå Stord, Tyssedalkoret frå Tyssedal m.fl.


Ikkje berre kor...
Vi har gjennom åra spennande samarbeidd med Rosendal musikklag, Rosendal jazzverk og andre lokale musikarar.

Prosjekt
Prosjekt pirrar songstemma og -lysta ekstra!
Framføringar av m.a "Visst skal våren komme" - musikk av Andrew Lloyd Webber - "Mariamusikk" har sett sine positive spor.


Powered by Already On