|
Os Kammerkor:
Koret vart skipa i 1976, av ein gjeng songglade osingar som hadde sunge i lag og for kvarandre sidan 1973. Etter det har Kammerkoret vore med på å setja sitt preg på musikklivet i bygda, og ikkje så reint lite utanom krinsane og. Koret har vore av dei sikraste bidrags-ytarane til Fritio i Os, som anna kvart år i vel ei veke set preg på kulturlivet til glede for liten og stor. Det har elles vore mange konsertar som oftast i Fjellheim eller i Os Kyrkje.
|

|
 |
Den første dirigenten var Henrik Lyssand som og har komponert og arrangert mykje for koret. I 1989 overtok Jan Ove Petersen taktstokken og gav han vidare til Karina Tøtlandsmo i 2003. I dag er det Marius Dale Romslo som er vår inspirerande leiar, og han har vore det sidan 2007.
|
Koret har fast øving i Os kvar onsdags kveld.
Første utenlandsturen til Os Kammerkor var til Orknøyane i 1988. Seinare har vi vore i Søderhamn, Bremen, York og Praha. Alle desse stadene skal det visstnok gå gjetord om koret framleis. I 2006 hadde koret 30 års-jubileum og dro i austerled. Sesongen 2009/2010 blei avslutta med tur til St. Michael i Austerrike i juni 2010 der koret deltok på kor festivalen Feuer und Stimme http://www.feuerundstimme.com. Ein uforglemmeleg tur for alle oss som var med.
Os Kammerkor er eit aktivt kor med mye musikk på programmet framover. Vi ser fram til ein minnerik oppleving i vår eigen bygd, med opning av nytt kulturhus Oceana i juni 2011. Vår første dirigent Henrik Lyssand ville ha fylt 100 år i 2012, og dette skal markerast, ikkje bare av Os Kammerkor, men av heile Os-bygda.
Oversikt Konserter:
Konsert Lysekloster kapell 6. juni 2012
Program:
| G.P. Palestrina |
Kyrie |
| Ø. Vik |
Fred |
| H. Lyssand |
God natt alle blomar |
| |
Du ska itte trø i graset |
| S. Barber |
Let down the bars, O Death |
| A. L’Estrange |
God be in my head |
| |
Lighten our darkness |
Kor-cafe med Fana Mannskor 8. mai 2012
FRA BERLIN TIL BROADWAY - FESTKVELD MED KURT WEILL
28. januar 2012 i Oseana.
Os kammerkor og messingkvintetten Bris inviterer til felles konsert i Oseana 28. januar 2012. Konserten er utelukkande musikk som Kurt Weill har komponert, og arrangementet er spesiallaga for Os kammerkor og messingkvintetten Bris av Elisabeth Vannebo.
Kurt Weill er ein tyskamerikansk komponist. Han vart fødd i Dessau i Tyskland, og studerte ved musikkhøgskolen i Berlin i 1918. På 1920-talet vekte han stor merksemd med moderne sceneverk med revolusjonær tendens. Eit nytt innslag i musikken til Weill var dei såkalla songs, ei spesiell songform med stilelement frå ulike populære og tradisjonelle musikkformer, tilførd falske tonar , usymmetriske frasar, uventa pausar og rå instrumentasjon. Mest kjent er han kanskje for Tolvskillingsoperaen, med tekst av Berthold Brecht. Vi er stolte av å kunne presentera denne musikken for våre sambygdingar. Musikken som skal presenterast er frå 1930-40-tallet. Nokre songar er nok kjende fordei fleste, medan andre songar kan vera ukjende.
Det vil bli framført følgande songar:
| |
|
Und was bekam des Soldaten weiss
Buddy on the nightshift
I got a Gal
My ship
September Song
Speak low
Alabama Song
Mack the knife
|
|
| |
| |
| |
| |
OSEANA
17. juni 2011 Opingsfest:
Song til Os
26. juni 2011 - Korkosnert felles med alla kora i Os:
Os kammerkor synger:
| Så skimrande var aldrig havet |
Evert Taube |
| Vals i Tango - i samarbeid med Os Mannskor |
P. Ramel |
| Utsyn frå Mobergsneset - Fellesnummer alle kora |
Øvredal/N. Kobbeltvedt |
| Juninatt |
Skjæråsen/Lyssand |
| Vaaren - Fellesnummer alle kora |
Vinje/Grieg/Lyssand |
Os Kammerkor deltar på Songarstemne Fana kulturhus mai 2011
Program for dagen 28. mai kan du laste ned her: Program_Fana.pdf
Program Profankonsert kl. 14.00: Profankonsert.pdf
Kore møter kl. 08.30 på Midtun skole
Vi skal synge følgende sanger:
- Vals i Tango
- I Bought Me a Cat
- Juninatta
Os Kammerkor møter Os Musikkforening, mai 2011
Vårkonsert i Fjellheim fredag 6. mai kl. 18.00.
Invitasjonen kan du laste ned her:
| Os Kammerkor |
Os Musikkforening |
Felleskonsert |
| Killebukken |
Landmark Overture |
God Bless The Child |
| Fjeldesti |
The Cavalier |
The Dodger |
| Fyrreskoven |
Libertango |
Long Time Ago |
| Vesleblomme |
Sweet Carolina Charlston |
Simple Gifts |
| When I fall in love |
|
I Bought Me a Cat |
| Somewhere over the Rainbow |
| Sing we and chant it |
Velkommen!
|