SONGKORET ALBATROSS

Songkoret Albatross er eit blandakor som held til på Fammestad i Alver kommune.
Koret starta i 1988 og øver i Nyheim Ungdomshus på Fammestad, tysdagar klokka 19.15.
Koret har, pr. april 2023, 19 aktive medlemmar frå Masfjorden i nord til Bergen i sør.

Me er ein god gjeng som har det trivelig i lag, både på øving og i sosiale samanhengar.
Vi har i år fått ny dirigent Sivert Aase Fluge

Noko av det koret har vore med på dei siste åra:

I 2008 hadde koret 20 års jubileum og hadde då ein flott tur til Kroatia!

I 2010 var koret for første gang med i "Syng for oss" Landsdekkande korkonkuranse i Bergen. Der fekk vi 2.plass! Utruleg morro og uventa!

I 2011 arrangerete koret, saman med folkedansgruppa Strilaringen, folkefestival i Nordhordland. Det var både utfordrande og spennande.

I 2012 var koret og Strilaringen i Irland på gjenbesøk til fleire av dei som deltok på folkefestivalen i 2011.

I 2013 kom Irlandsgjengen tilbake til Norge og var med å feira koret sitt 25 årsjubileum.

I 2014 hadde koret eit samarbeid med komponist og musikarar Dagfinn Andersen (tangentar), Liv Merethe Kroken (fele) og Tore Vabø (kontrabass) og hadde ein flott konsert med folkemusikk - Kvileskjær.

I 2015 tok me turen til Hornindal for å framføre Kvileskjær der.

I 2016 var Albatross med å kora på Rune Larsen sin song “Tunge tider” frå albummet “Blå glede”.

I 2017 Starta koret å jobba med musikken som skulle prege 30-årsjubileumet i 2018.

I 2018 var koret 30 år. Samstundes hadde den lokale kinoen jubileum. Me valgte då å satse på filmmusikk, “Frå Broadway til folk ved fjorden”. Med oss på laget fekk me Hjelmås mannskor, Dagfinn Andersen, Tore Vabø og Fred Johannesen. Saman framførte kora og musikarane 3 fulle konsertar med filmmusikk i korformat. Konserten var sett saman som ein kombinasjon av korsong, solosong og instrumental med filmsnuttar på lerret bak. Filmsekvensen var sett saman av Elias Fanebust.

I 2019 reiser koret utanlands att. Denne gongen går turen til Krakow.

Koret ynskjer fleire medlemmer, menn er spesielt velkomne!
Så har du eit ynskje om å byrja i kor? Du er velkomen til å ta kontakt eller stikke innom på ei øving når det måtte passe :)

Me har bruk for akkurat deg og di stemme!!

Sjanger: Blandet

Leder: Kurt Fosse
Medlemmer: 20
Dirigent: Sivert Aase Fluge
Kortype: Blandakor