Brukernavn:
Passord:
Lær meir om gospelsong og negro spirituals
Armstrong Professor Anton Armstrong er ein erfaren dirigent. 

 14. - 16. september inviterer Norges Korforbund Midt songarar og dirigentar frå heile landet til å vere med på kurs i negro spirituals og gospelsong med professor Anton Armstrong. Kurset er lagt opp slik at både enkeltsongarar og kor, eller delar av kor kan delta.

Kurset vil leggje særleg vekt på formidling, songteknikk, tempo og uttale i negro spirituals og gospelsong. Kurset vil også presentere gode arrangement som deltakarane kan bruke som utgangspunkt for sitt eige kor.

Anton Armstrong er til dagleg professor i musikk ved St. Olaf College i Minnesota og har dirigert St. Olaf Choir sidan 1990. Under leiinga hans har koret gitt ut 11 cd-ar og turnert mykje både i USA og i utlandet, blant anna i New Zealand, Australia og delar av Europa. Koret var sist i Noreg i 2005. 
Her kan deltakarar frå heile landet få oppleve ekte negro spirituals og gospelsong i Stjørdalen og bli betre kjende med ein sjanger som er på dei fleste kor sitt repertoar.

Påmeldingsfristen er 1. juni.

Gå inn på kor.no/nk-midt for meir informasjon om kurset, påmeldingsskjema og prisar. 
 
Powered by Already On