Nordhordland omfatter i denne oversikten kommunene Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Lindås, Vaksdal, Meland, Radøy og Øygarden.
AUSTRHEIM SONGLAG
Austrheim Songlag høyrer heime i Austrheim Kommune som ligg på grensa til storhavet.
Me er idag 28 faste medlemmar med alder nokon og tjue til drøye 80 år unge personar. Steinar Ebbesvik svingar taktstokken, og inga oppgåve for stor (eller liten)!
DALE MANNSKOR
Koret vart stifta 3.juni 1931 og kunne i 2006 feira 75-års jubileum. I dag kjem dei 36 medlemene frå ulike stader i Vaksdal kommune. Song og musikk har engasjert mange lokalt gjennom tidene, og Dale Mannskor har vore ein berebjelke i kulturlivet i kommunen heilt sidan oppstarten. Stor aktivitet og høg kvalitet har gjort dalekoret til ein viktig ambassadør for kor-songen langt ut over kommunegrensene.
LINDÅS SONGLAG
Beskrivelse kommer
FEIEKOSTANE
Beskrivelse kommer
KORDIAL
Kordial er eit blandakor tilhøyrande i Vaksdal kommune, blei stifta i 1989 og har omlag 30 / 35 aktive songarar. Det sosiale er ein viktig motivasjonsfaktor og gleda med å syngja saman med andre er viktigt for utviklinga av koret. For å fremja det sosiale samholdet i koret blir det arrangert festar for kormedlemmene både med og utan ledsagarar.
MODALSKORET
Beskrivelse kommer
OSTERØYKORET
Slik Osterøykoret framstår i dag, har dei både fin breidde og god fylde i alle stemmegruppene. - Bergens Tidende
RADØY DAMEKOR
Koret har eit variert repertoar og 4 stemmegrupper (SSAA). Koret øver kvar torsdag i Manger kyrkje.
SEIM SONGKOR
Seim Songkor vart skipa i 1974, og høyrer heime på Seim i Lindås kommune, nord for Bergen. Koret er eit blandakor og har i dag omlag 25 medlemar.
Seim Songkor har opp gjennom åra hatt mange spanande prosjekt, framføringar og konsertar innan ulike stilartar. Takka vere dugande dirigentar og entusiastiske medlemar, har koret hatt ei jamn musikalsk utvikling. Koret har delteke i korkonkurransar i inn- og utland, med gode resultat.
SONGKORET VÅGEN
Songkoret Vågen er eit blandakor frå Meland kommune som har base på Rossland. Koret vart stifta i 1960, så til neste år har vi 50 års jubileum. Koret har eit variert program, alt frå dei finaste salmar til festlege drikkeviser.
SONGKORET ALBATROSS
Songkoret Albatross er eit allsidig blandakor med godt sangarmiljø. Koret har 29 medlemar og øver kvar tirsdag i Kløvheim ungdomshus.
Koret vart stifta i 1988. Dirigent er Kristine Fluge.
SONGLAGET ALVIDT/MANGER
Våren 2009 arrangerte koret Afrikansk-norsk korkafé, også med støtte frå IMDI, og på konserten i vår, som har fått namnet «Trekkfuglane kjem» , er målet å syngja songar frå så mange land som mogleg av dei nasjonalitetane som er representerte i distriktet.
SONGKORET SPLEIS
Songkoret Spleis er eit blandakor heimehøyrande i Masfjorden kommune. Koret vart starta i 1989 gjennom Masfjorden musikk- og kulturskule.
Dirigent for koret er Rune Garmann.
Savner du koret ditt? Send oss en e-post, så ordner vi det!