Brukernavn:
Passord:
Har du bilete eller anna som du vil ha inn på denne sida, send det til Oddvard
logo

Leirvik_Mannskor_-10_009

Roald_0076
Dirigent Roald Sangolt

Skipa 1.mars 1914 i Leirvik på Stord.

På den tida var Leirvik ein liten stad med nokre få hundre menneske. Stord kommune er no ein by med over 17000 innbyggjarar.

Frå å vera eit relativt lite kor i starten, har Leirvik Mannskor vakse seg til eit av dei større kora både på Stord og i Hordaland fylke. Særleg i tida etter 1945 vaks koret seg stort. For ti år sidan var det omlag70 songarar, men er no nede i 47 medlemer. Me treng rett og slett nye medlemer, så her er det berre å møta opp på måndagane i ungdomshallen mellom 18.30 og 21.00.

I lokalsamfunnet deltek koret i ei rekkje arrangement, ved sida av sjølv å stå for både konsertar og andre tilstelningar. Ved juletider deltek koret i kyrkjekonsertar og syng jula inn på sjukehus og ved eldreinstitusjonar.
På 17.mai er koret i aktivitet frå tidleg morgon med song på sjukehuset, på eldreinstitusjonar og ved folkemøte på torget. Me arrangerer 17. mai på Leirvik kvart tredje år. I tillegg har koret etter  lang tradisjon, sin eigen matiné om ettermiddagen. Koret  har eit rikhaldig repertoar, og syng så vel religiøse som profane songar.

Frå 1970-talet og utover har koret, ved sida av sine lokale og regionale aktivitetar, ved songerstemner og liknande, vore på ei rekkje utanlandsreiser. Det starta med deltaking i ein kor-festival i Wales. Sidan har koret vore i Jugoslavia (Slovenia), der det (før uroa i landet) hadde eit venskapskor. Så er det blitt ein tur til Østerrike, Orknøyene og Tsjekkia (Praha), med konserter alle stader. Koret har og vore i "ville vesten" (USA). I 2009 var me i Opatia i Kroatia. Me var over grensa til venskapskoret og hadde ein fin konsert og fest saman med dei. I haust (2010) var koret på ein fin tur til Island.

 
Edmund_Hystad_i_Harald_si_bukse
Æresmedlem Edmund i full mundur, klar for konsert i rådhuset  i Reykjavik.

Bilde0252

Bilde0251


Powered by Already On