Brukernavn:
Passord:

FAKTA FOR KAMMERSKORET

  • Skipingsår: 1980
  • Antal medlemer: 14
  • Tilhaldsstad: Kvinnherad kommune - finaste kommunen på Folgefonnhalvøya.
  • Øving
    Valen skule torsdagar kl. 20.00 - 22.00
  • Korleiar
    Tenorgruppa med Karl Johan i spissen - tlf. 53472316 /
  • Musikalsk leiar
    Eli Haugan - tlf. 53471729 / 917 81003
  • E-post til oss: kammerskoret@kor.no
  • Hovudorganisasjon: Norges Korforbund. Link til: Avd. Hordaland


HISTORIKK

Kammerskoret blei starta i januar/februar 1980, og Eli Haugan har vore musikalsk leiar heilt sidan starten. Vi fann på namnet "Kammerskoret" dels fordi vi var inspirererte av "Det Norske Kammerkor" og dels fordi vi i starten øvde på "kammerset" heime hjå kormedlemene. Namnet skulle også fortelje noko om storleiken på koret, som tel fjorten medlemer, og om kor alvorleg vi tok oss sjølve.
Alvoret stikk ikkje djupt, men sjølv om det er mykje lått og løye under øvingane, skal ein ikkje tvila på at vi tek songen alvorleg. Sidan vi er eit lite kor, krevst det mykje av kvart kormedlem, både når det gjeld frammøte og eigenøving.

Kormedlemene har vore stabile, og heile seks av dei fjorten har vore med alle tredve åra. I det heile er det svært liten utskifting av kormedlemer. Dette tyder at medlemene trivst og at vi har funne ein god kombinasjon av alvor og fest.

Koret har i 30 år vore med på mange ulike og spennande oppdrag: Samarbeidskonsertar med m.a.. Dag Arnesen, Brass Bross, Son Mu og Knut Vaage. Konsertar i kraftverkhallen i Mauranger, nattkonsert i Hellebergs-hidlaren i Ølve og oppdrag for Statoil, som førte til omvising på Gullfaks C-plattforma og helikoptertur til Trollplattforma i Nordsjøen. Her heldt koret konsert for dei tilsette, men fekk også oppleve å syngja på havsens botn, 300 meter under havflata.
Høgdepunktet for koret er likevel den årlege konserten i Borggarden i Baroniet i Rosendal.
Det har til no blitt sytten Baronikonsertar. I tillegg har koret hatt mange oppdrag på ulike tilstellingar og arrangement rundt i kommunen og andre stader.

På Kammerskoret sitt repertoar finn ein songar frå middelalderen og fram til vår eiga tid.
Mellom anna madrigalar, viser, folketonar, barbershops, rytmisk musikk, Bellmann, Beatles, Indrehus, The Real Group og Latin-amerikansk musikk.


PRESSEOMTALAR

I samband med aktivitetane våre, har vi fått ein del presseomtale. Nedanfor finn du linkar til desse:


 

Slik såg gjengen ut då koret runda 25 år i 2005:

Koret_25_aar


DIRIGENTEN VÅR

Den trufaste dirigenten vår ELI, vart i 2001 utnemnd til "Årets Husnesing":

Avisa Sunnhordland hadde følgjande omtale:

Eli - årets Husnesing 2006

Om ho hadde fått månen i hovudet hadde det ikkje kome meir uventa på Eli Haugan enn då ho under husnesiadeb vart kåra til årets Husnesing. Men at kåringa var populærhjå publikum var ikkje il å ta feil av. den ståande applausen ville ingen ende ta. Hovudarena for Eli Haugan etter at ho i 1976 var ferdig utdanna pianopedagog frå Guildhall School of Music and Drama i London har vore kvinnherad musikkskule, no Kvinnherad musikk og kulturskule. I grunngjevinga for utnemninga seier juryen mellom anna:
"I år er Husnesingen ein musikkpris som går til ein person som har vekt musikkinteresse i mange kvinnheringar. prisvinnaren har på energisk og vellukka vis gjort ein framifrå innsats for å inspirera andre til å gje musikken ein særmerkt plass i liva sine. Prisvinnaren er sjølv inspirert og inspirerande, dessutan glad og gledesspreiande, og både unge og vaksne har hatt glede av denne kvinna sine evner innaføre pianospel, orkestermusikk og song."
Juryen hadde og henta inn uttale frå prisvinnaren sin overordna som uttalar: "Prisvinnaren er botnsolid og leverer kvalitet frå ende til annan. Ho er temperamentsfull og engasjert og alltid klar til å ta eit tak der det trengst."

Powered by Already On