Flisneskoret

Terese Myklebust dirigerer Flisneskoret på Emblem skule 20. februar 2011.
Flisneskoret er eit blandakor som held til i indre bydel (øving på Flisnesskulen) i Ålesund. Det vart stifta i 1991 og sprang ut frå eit ynskje om eit kortilbod for songglade kvinner og menn i nærmiljøet, men alle med interesse for korsong er sjølvsagt velkomne til å prøve seg som medlemmer.
Vi har 36 medlemmer pr mars 2011, men vi skulle gjerne hatt eit par nye bassar og tenorar.
Vi øver kvar torsdag frå kl.19.00 til kl.21.30 på Flisnesskulen.
Repertoaret vårt er allsidig, frå lett underhaldningsmusikk til kyrkjemusikk.
I år har koret 20 årsjubileum og skal ma på tur til Dublin i Pinsehelga.
I mai 2009 var koret på landsfestivalen for kor på Hamar og vi har tidlegare år tatt turen til for eksempel København og til Littauen. Dersom det kan vere aktuelt for deg å synge saman med oss, kan du ta kontakt med leiaren vår, Kari Hauge Olsen: karihaugeolsen@gmail.com tlf. 91532812
Sjå fleire bilder:
I St Patrick cathedral, pinsehelga i 2011:

Landsfestival for kor på Hamar 2009. Dirigent Yngve Espedal.

På kortur til København i 2008

Yngve Espedal dirigerer oss på konsert i Vilnius i 2005.

Nok ein kortur i 2001. Dirigent Solveig Håvik.

Korkonkurranse i Trondheim i 2000 med Solveig Håvik som dirigent.

Kortur våren 1998 med dirigent Atle Rusten

Med Yngve Espedal som dirigent på Avholdshjemmet i 1995

Eli Bolstad dirigerer koret 17. mai 1992
