Brukernavn:
Passord:
Corona
 
Det turkise damekoret frå Stord

Corona
Corona betyr å stråle og å omkranse, noko som samsvarer godt med målsetninga til koret vårt.  Me ønskjer i tillegg å formidle songglede, vakre tonar og eit godt klangbilete ut til publikum.

Corona starta opp i 2005, med 9 ivrige songintusiaster, og idag tel koret 20 aktive medlemmer.  Koret feira 5 årsjubileum med 3 konsertar i 2010, der me fekk synt fram noko av det varierte repetoaret koret har jobba med desse åra.

Me likar godt å komme ut å synge for andre, og deltek difor både på songstemne, i korkonkuranser og tek imot oppdrag av ymse slag. 
Me må nemne våre eigne korkafèar som me prøver å arrangere to ganger i året.

Hausten 2011 tek koret mål av seg å delta på den internasjonale korfestivalen i Riva del Garda.

Leiar for koret er Anne Karin Nilsen, og vår dyktige og inspirerande dirigent er Synnøve Tollaas.
Powered by Already On